Oslofjorden får heilskapelig tiltaksplan

Ny tiltaksplan samordner det som skjer for å ta vare på miljøet og friluftsliv ved Oslofjorden. Miljødirektoratet har skaffa det faglege grunnlaget.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 30.03.2021

I dag bur det rundt 1,6 millionar menneske rundt Oslofjorden, det er trongt om plassen og areala er kostbare. Samstundes blir området regna som eit av dei mest artsrike i heile Noreg.

Oslofjorden betyr mykje for mange, både dyr og menneske.

Tiltak for heile Oslofjorden

Tiltaksplanen for Oslofjorden fram mot 2026 er utarbeidd av Klima- og miljødepartementet og ni andre departement.

Dette er fyrste gong tiltak frå ulike sektorar blir sett i samanheng i ei slik breidde; frå arealpolitikk, avrenning i landbruket og kommunalt avløp, til nedkjemping av framande artar, kulturmiljø og lokale klimatiltak.

Miljødirektoratet leverte det faglege grunnlaget for tiltaksplanen i samarbeid med andre statlege myndigheiter i desember 2019.