Hugs fristen for erstatning for rovviltskadar

Fristen for å sende søknad om erstatning for rovviltskadar på husdyr er mandag 1. november.

Publisert 22.10.2021

Søknadar som gjeld sau skal leggjast inn i Elektronisk søknadssenter, mens søknadar som gjeld andre husdyr skal sendas direkte til statsforvaltaren.

Vi ber alle søkjarar om å lese bruksrettleiingane i søknadssenteret, for å sikre at all påkravd informasjon kjem med. Kontakt statsforvaltaren om søknadar som gjeld andre husdyr enn sau.

Du loggar deg inn i søknadssenteret via ID-porten. Dette sikrar sikker identifikasjon av søkjar.

Kontakt statsforvaltaren i fylket du har bustad i om du har spørsmål om utfylling av søknaden.

Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (mandag - fredag kl. 10.00 - 14.00).