Besøkssenter for skog skal etablerast

Miljødirektoratet opnar no for søknader om å bli autorisert som besøkssenter for skog. Søknadsfristen er 21. oktober.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 20.05.2022

Miljødirektoratet skal autorisere eit besøkssenter skog i 2022. Det nye besøkssenteret vil bli det 37. autoriserte besøkssenteret i Noreg, og det første med skog som tema.

Frå før finst det besøkssenter for temaa nasjonalpark, våtmark, rovdyr, villrein, verdsarv og Oslofjorden.

Viktig for naturmangfald og klima

Det nye besøkssenteret skal skape merkesemd om kor viktig skogen er for naturmangfald og klima, og byggje forståing for behovet for skogvern og ei berekraftig skogforvaltning.

Skogen er det økosystemet der me finn flest artar i Noreg, og det er i skogen me finn flest trua artar. Det er også fleire naturtypar i skogen som er vurdert som trua og nært trua. Det viktigaste verkemiddelet for å ta vare på desse artane og naturtypane er vern av skogen.

Skogen speler dessutan ei rolle for å avgrense klimaendringar, blant anna gjennom opptak og lagring av CO2. I eit endra klima forventar me dramatiske endringar i norske skogar, og vern og berekraftig skogbruk blir viktig for å skape klimarobuste skogar. Intakt skog er viktig for klimatilpassing, og kan blant anna redusere risiko for flaum og ras. Berekraftig skogbruk er også viktig i det grøne skiftet, der fornybare ressursar som skog vil spele ei viktig rolle.

Besøkssenteret skal også vise opplevingsverdiane av skogen og stimulere til friluftsliv.

Søknadsfrist 21. oktober

Besøkssenter skog skal vere eit fysisk senter. Alle som driv med eller ønskjer å drive med naturinformasjon kan søkje om å bli autorisert, slik som naturinformasjonssenter, museum, kommunar eller andre. Søknader skal sendast inn via Elektronisk søknadssenter.

Søknadsfristen er 21. oktober, og Miljødirektoratet siktar mot ein autorisasjon i november.

Utlysinga er i tråd med budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for 2022, der det blir varsla autorisering av eit slikt senter i år. Til oppstart av eit besøkssenter skog er det sett av 1 222 000 kr i 2022.