Biogass i Skandinavia: Samanlikning av verkemiddel

Noreg, Sverige og Danmark har alle verkemiddel for produksjon og bruk av biogass, men verkemidla er av ulik storleik og treffer ulikt.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 31.05.2022

Biogass kan spele ei viktig rolle som klimatiltak og som bidrag til ein sirkulær økonomi.

Miljødirektoratet har gjennomgått og samanlikna verkemiddel for bruk og produksjon av biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Rapporten er skriven på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. 

Ei oversikt over verkemiddel

Miljødirektoratet presenterer ei oversikt over eksisterande og planlagde verkemiddel for produksjon og bruk av biogass i Noreg, Sverige og Danmark. 

Rapporten inneheld òg ei kort utgreiing av regelverksendringar i EU knytt til statsstøtte og avfall, som kan påverke bruk og produksjon av biogass i Noreg. 

Ulike verkemiddel for produksjon og bruk av biogass

Det er store variasjonar i storleik på landbrukssektor, grad av tilgjengeleg naturgassnett og geografiske avstandar i dei tre landa. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne verkemidla mellom landa.

I Danmark blir det gitt tilskot i driftsfasen av biogassproduksjonen over ein periode på minst 20 år. I Noreg blir det ikkje gitt driftsstøtte til produksjon av biogass, men det blir gitt tilskot til investering i produksjonsanlegg for biogass. I Sverige blir det gitt støtte til produksjon, både til investering og til drift.

Sverige har det høgaste CO2-gebyret av dei tre landa, og Noreg har det høgaste totale gebyrnivået, dersom vi legg saman CO2-gebyret og vegbruksavgifta.

Ulike barrierar for produksjon og bruk av biogass har bidrege til at verkemidla i dei tre landa er ulike.

Kan gje auka handel med biogass

Ulik innretning av verkemiddel for bruk av biogass og for produksjon av biogass kan føre til at biogassaktørar kan ta imot fleire typar støtte, for eksempel driftsstøtte til produksjon i eitt land og avgiftsfritak i eit anna land.

I Danmark og Sverige har vi sett at høgare produksjonsstøtte i Danmark og høgare avgiftsfritak i Sverige har gjeve insentiv til import av dansk biogass til Sverige.

Handel med biogass over landegrenser er lite utbreidd i Noreg i dag, men dersom handelen av biogass over landegrenser aukar, risikerer norske biogassprodusentar å møte skarp konkurranse frå svensk og dansk biogass.