Meir bruk av biodrivstoff aukar ikkje helsebelastninga

Klimatiltak som inneber auka bruk av biodrivstoff, påverker ikkje luftkvaliteten i stor grad, viser litteraturgjennomgang.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 12.05.2022

På oppdrag for Miljødirektoratet har Rambøll gjennomført prosjektet "Utslipp til luft fra biodrivstoff".

Dei har konkludert med at auka bruk av biodrivstoff ikkje gjev betydeleg endring i luftkvaliteten, samanlikna med bruk av fossilt drivstoff.​

Kunnskapsløft om utslepp til luft

Oppdraget har gått ut på å utføre ein kunnskapsoppdatering på utslepp til luft av ulike helseskadelege stoff ved bruk av biodrivstoff i transportsektoren. Hovudhensikta har vore å få meir kunnskap om kor stor grad auka bruk av biodrivstoff kan endre den lokale luftforureininga.

Arbeidet har omfatta innhenting og gjennomgang av litteratur og samanstilling av relevante utsleppsfaktorar basert på funna. Utsleppsfaktorane kan brukast til å rekne ut utsleppsendringar ved tiltak der fossilt drivstoff vert erstatta med biodrivstoff. Litteraturstudien har gjennomgått 93 publikasjonar.

Uklar effekt på annan luftforureining ved innblanding av biodrivstoff

Dei fleste undersøkte studiane finn reduksjon i utslepp av nitrogenmonoksid og nitrogendioksid (NOx), karbonmonoksid (CO), og tjærestoff (PAH), ved bruk av biodrivstoff samanlikna med fossilt drivstoff.

Litteraturstudien peiker på at biodrivstoffa fettsyremetylester (FAME) kan auke i utslepp av NOx samanlikna med fossil diesel, og bioetanol gjev auke i utslepp av kreftframkallande stoff (acetaldehyd), samanlikna med fossil bensin.

Modelleringsstudiar viser derimot at bioetanolbruken i transportsektoren i Noreg må aukast betrakteleg for at det skal utgjere ei betydeleg helserisiko. 

Biodiesel kan redusere utslepp av svevestøv frå dieselbilar

Litteraturgjennomgangen viser at utslepp av svevestøv kan reduserast ved bruk av biodrivstoff samanlikna med rein fossil diesel i personbilar. Svevestøv, eller partikulært materiale (PM), er små partiklar i lufta som varierer i storleik og samansetting. Eksponering for svevestøv kan føre til helseskadar.

Sjølv om mengda svevestøv vert redusert, indikerer fleire studiar likevel at partiklane er mindre ved forbrenning av biobasert diesel. Mindre partiklar kan vere meir skadelege for lungene enn større partiklar.  

Behov for meir forsking

Utslepp frå bruk av biodrivstoff er generelt forbundet med betydelege usikkerheitar, relatert til ulikheitar som testvilkår, type køyretøy, motorklasse og etterbehandlingssystem.

For drivstoff til luftfart, skip og ikkje-veggåande køyretøy som anleggsmaskinar, finst få relevante studiar.