Rettleiing for klimatilpassing i landbruket

Miljødirektoratet lanserer to nye rettleiarar for klimatilpassing av skogbruk og jordbruk.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 24.03.2022

Landbruket ynskjer seg ikkje for mykje av noko: Ikkje for mykje sol, ikkje for mykje regn, ikkje for tørt og heller ikkje for vått. Akkurat passe er det aller beste.

Landbruket vert påverka både direkte og indirekte av klimaendringar. Vi kjem mellom anna til å møte utfordringar knytt til ekstremvêr, tørke og auke i plante- og dyresjukdomar. For å sikre framtidig produksjon, men òg for å hindre at areal vert råka av klimahendingar, er det viktig å klimatilpasse både jordbruket og skogbruket.

Klimatilpassing i landbruket

To nye rettleiarar.

Klimatilpassing inneber å førebygge og redusere dei negative verknadane av klimaendringane, og utnytte moglegheitene som endringane kan føre til.

Planarbeid er viktig for landbruket

Kommunen sitt planarbeid er eit viktig verktøy for å legge til rette for landbruket i eit klima i endring. Dei to nye rettleiarane skal gjere det enklare for kommunane å finne moglege plangrep for å ta vare på landbruket no og for framtida.

Rettleiarane er basert på samlingar av eksempel på korleis skogbruk og jordbruk som vert påverka av klimaendringane kan bevarast i det lokale og regionale planarbeidet.

Les meir om klimatilpassing