Nye materiale med kreosot blir forboden i Noreg

I løpet av 2023 blir det forbode å selje nye materiale impregnerte med kreosot i Noreg.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 22.11.2022

Kreosot er eit biocid som lenge har vorte brukt i trevirke for å forhindre råte og angrep frå pælemark, men det inneheld stoff som er kreftframkallande og svært irriterande for huda. Nokre av stoffa i kreosot er giftige, blir veldig sakte brotne ned i naturen og kan hope seg opp i næringskjeda.

Derfor har det lenge vore avgrensingar for bruk av kreosotmateriale i EU/EØS. Blant anna kan trevirke impregnert med kreosot etter 2002 berre bli oppført og halde ved like av profesjonelle. Kreosotimpregnerte materiale har i Noreg hovudsakleg vore brukt til jernbanesviller, stolpar for straum- og telenett, trebruer og bryggjer.

Totalforbod mot sal av nye kreosotmateriale

No blir det ytterlegare stramma inn, og det blir eit totalforbod mot sal av nye kreosotmateriale i Noreg. Forbodet får ikkje betydning for kreosotbehandla materiale som allereie er på marknaden eller i bruk.

For kreosotbehandla stolper til straum- og telenett er siste frist 27. oktober 2023. For materiale til all annan bruk er siste frist 30. april 2023.

Kreosotbehandla materiale som blir sette på marknaden før desse fristane vil som i dag bli regulert av kjemikalieregelverket Reach. Det betyr at slike kreosotmateriale framleis kan brukast til t.d. i trebryggjer, så lenge ein ikkje er i strid med føresetnadene i Reach- regelverket.

EU tillèt framleis kreosot i mange land

Det er generell semje i EU om at kreosot bør fasast ut på grunn av dei problematiske helse- og miljøeigenskapane til stoffet, men mange land ønskjer ein lengre avviklingsperiode for bruk til jernbanesviller og nokre land også til stolpar til straum- og telenett.

Grunngivingane er at det ikkje er gode nok alternativ lett tilgjengeleg. Sal av nye materiale til all annan bruk, som gjerdestolpar, bryggjepålar og trebruer, blir forbode allereie frå 30. april 2023. Det blir samtidig innført strengare restriksjonar for lagring og merking av kreosotmateriale. 

Full utfasing innan oktober 2029

EU har fornya godkjenninga for å bruke kreosot i jernbanesviller og stolpar til straum- og telenett, i land der det ikkje finst reelle alternativ, til 31. oktober 2029. For all annan bruk blir det innført forbod mot nye materiale i 2023, og det er forventa at alle land også avviklar bruken av kreosot i jernbanesviller og stolpar til straum- og telenett før 2029.

Som i dei fleste EU-land har Noreg konkludert med at det finst tilstrekkelege alternativ til kreosotstolpar til straum- og telenett, og Bane NOR skaffar ikkje lenger jernbanesviller behandla med kreosot.

Erstatningar er impregneringsmidlar med betre helse- og miljøeigenskapar eller andre materiale som t.d. betong eller kompositt. Noreg forbyr derfor all bruk av kreosot i nye materiale frå oktober 2023.

Frankrike foreslår å avgrense vidaresal av kreosotbehandla materiale

I tillegg til arbeidet under biocidregelverket har Frankrike nyleg levert eit restriksjonsforslag under kjemikalieregelverket Reach. Forslaget går ut på å avgrense sal og gjenbruk av kreosotbehandla materiale. Det er for tidleg å seie kor streng ein eventuell restriksjon blir eller når han vil byrje å gjelde.