Strengare regulering av duftallergen i leikar

EUs direktiv om strengare regulering av duftallergen i leiketøy er implementert i leiketøyforskriften.

Publisert 06.10.2022

EU Kommisjonen vedtok direktiv (EU) 2020/2088 og direktiv (EU) 2020/ 2089 den 11. desember 2020, som begge endrar det europeiske leiketøydirektivet (2009/48 EF).

Direktiva fastset strengare regulering av duftallergen i leiketøy ved at tre nye duftallergen ikkje skal brukast i leiketøy og lista over duftallergen som skal angivast på leiketøy blir utvida med 60 stoff.

Denne endringa er teken inn i forskrift om tryggleik ved leiketøy (leiketøyforskrifta) og gjeld frå 12. september 2022. Det inneber ei harmonisering med EUs regelverk og er ingen særnorske krav.