Vi må laga nytt deklarasjonssystem –gebyret aukar

Vi har møtt på store utfordringar i arbeidet med å forbetre Avfallsdeklarering.no og må utvikle eit heilt nytt deklarasjonssystem for farleg avfall.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 02.09.2022

Det inneber at eit nytt system ikkje vil vera på plass før i 2024. For å dekke kostnadene til utviklinga av det nye deklarasjonssystemet må vi setja opp deklarasjonsgebyret for ein periode.

Må laga eit heilt nytt system

Som vi tidlegare har informert om har vi i ei periode jobba med eit større prosjekt for å utvikle Avfallsdeklarering.no slik at systemet blir meir komplett og med informasjon om avfallet gjennom heile verdikjeda, frå det er levert til endeleg behandling. 

Det har vist seg at det ikkje lèt seg gjera å vidareutvikle deklarasjonssystemet vi har i dag, på ein forsvarleg og framtidsretta måte. Utfordringane blir for store og vi har bestemt at det må lagast eit nytt deklarasjonssystem som dekkjer dagens behov og gir sporing gjennom verdikjeda.  

Eit nytt deklarasjonssystem vil vera positivt for brukarane ved at det blir enklare å bruka. Vi håpar derfor bransjen også vil sjå nytta av eit nyutvikla system, sjølv om det vil ta litt lengre tid enn først planlagt.

Deklarasjonsgebyret aukar

Arbeidet med å utvikle eit nytt deklarasjonssystem vil innebera ei stor auke i kostnadene. For å dekkja inn dei auka utgiftene blir vi derfor nøydde til å setja opp deklarasjonsgebyret vesentleg for ein mellombels periode.

Vi meiner deklarasjonsgebyret må  auke frå 15 kroner til 37 kroner. Vi planlegg gebyrauken ved første fakturering i februar 2023.

Vi har tilråda KLD at vi sender eit forslag om endring av avfallsforskrifta kapittel 12 på høyring for å auke gebyret.