Gaupekvoten nær fylt under jakta

53 gauper vart felt under kvotejakta på gaupe som gjekk føre seg frå 1. februar til 31. mars. Den fastsette kvota var i alt på 55 dyr.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 03.04.2019

– I år vart det sett kvoter for jakt på gaupe for å regulere bestanden i tre rovviltregionar, medan ein region har hatt fri jakt. I Oppland stansa jakta etter at kvoten var fylt. I Midt-Noreg og Sør-Noreg vart den stansa då ein hadde nådd det fastsette maksimale talet for felling av vaksne hodyr, seier avdelingsdirektør Ivar Myklebust i Miljødirektoratet.

Avgrensing for hodyr

Maksimale tal for felte hodyr vert sett for å sikre nok reproduserande dyr til å nå måla for gaupebestanden. I år var hodyr-kvota på 18 dyr, og oppsummeringa etter jakta viser at alle vart felt, eit av dei i eit område med kvotefri jakt i Sør-Noreg.

I alt vart 48 gauper felt i områder der det var sett jaktkvote, medan fem dyr vart felt i områder med kvotefri jakt i rovviltregion 2 (Sør-Noreg).

Stortinget har fastsett eit nasjonalt mål om 65 familiegrupper av gaupe i Noreg. Overvakinga av gaupebestanden viste 57,5 familiegrupper av gaupe i 2018.

Det er sett regionale mål for talet på familiegrupper i sju av åtte rovviltregionar. Berre region 1 (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder) er utan mål for gaupebestanden.

Kvoter og felling i rovviltregionane i 2019:

Region

Kvote

Felt

1 – Vest-Noreg *

Kvotefri jakt

 

2 – Sør-Noreg

24 (7)

23 (8) **

3 – Oppland

6 (2)

6 (1)

4 – Oslo/Akershus/Østfold

Inga jakt

 

5 – Hedmark

Inga jakt

 

6 – Midt-Norge

25 (9)

24 (9) ***

7 – Nordland

Inga jakt

 

8 – Troms og Finnmark

Inga jakt

 

I alt

55 (18)

53 (18)

Tala i parentes i tabellen  viser kvoten for vaksne hodyr som kunne fellast og  talet på vaksne hoer som vart felt.

* i Vest-Noreg er det ikkje fastsett eit mål for bestanden av  gaupe og difor kvotefri jakt

** inkludert gauper som vart skotne i kvotefrie område

*** to dyr som vart påkøyrd i Namsskogan og Orkdal er belasta kvota

Ønskte ikkje kvote

Rovviltnemndene i region 4 (Oslo/Akershus/Østfold) og 5 (Hedmark) bad Miljødirektoratet om å ikkje opne for jakt på gaupe i 2019 fordi bestanden har vore lågare enn bestandsmåla tilseier for regionane. Det har ikkje vore jakt i desse regionane dei tre siste åra.

I Hedmark har bestanden teke seg opp og nærmar seg det regionale forvaltingsmålet om ti årlege ungekull. Det same har ikkje skjedd i region 4.

– I Oslo, Akershus og Østfold har bestanden halde seg lav over fleire år, sjølv om det ikkje har vore drive jakt. Vi hadde vent at bestanden skulle ta seg opp også her. Det er vanskeleg å slå fast kvifor det ikkje har skjedd, men høgt uttak av dyr i Sverige kan vere årsak til at få dyr kryssar grensa og vandrar over til Noreg, seier Myklebust.

Ikkje jakt i nord

I region 7 (Nordland) og 8 (Troms og Finnmark) bad rovviltnemndene om at Miljødirektoratet skulle opne for jakt og sette kvoter.

Direktoratet fann etter ei samla vurdering at det ikkje var grunnlag for å regulere bestanden i Nord-Noreg ved  jakt, og at det ikkje ville vere i tråd med den veksten i bestanden som trengst for å nå dei regionale måla som er sett.

– Vi la til grunn at løyve til skadefelling ville vere det aktuelle verkemiddelet om det skulle oppstå skadesituasjonar i dei tre nordlegaste fylka. Etter at vurderinga vart gjort er det gitt løyve til skadefelling i Nordland og fem gauper er felt, seier Ivar Myklebust.