Rauma friskmeldt for Gyrodactylus salaris

Etter ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris blei elvane i Raumaregionen i Møre og Romsdal i dag friskmelde.

Publisert 01.11.2019

‒ Det er ei stor glede at vi har fått friskmeldt elvane i Raumaregionen no i villaksen sitt år. Gyro er ein framand, skadeleg art som har gjort stor skade på naturmangfaldet i Noreg. No er vi kvitt parasitten i Romsdalen og eit skritt nærare målet om å fjerne denne trusselen som har gitt oss samfunnskostnadar i milliardklassen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Omfattande arbeid med bekjemping og bevaring

Raumaregionen består av elvane Rauma, Istra, Hensvassdraget (Isa m/Glutra), Innfjordelva, Måna, Breivikelva og Skorga. For nesten 40 år sidan vart lakseparasitten Gyrodactylus salaris introdusert her. Parasitten er ein innført framand art som kan utrydde heile bestandar av villaks i smitta elvar.

Rotenonbehandlinga i 1993 var mislukka for parasitten vart påvist att i 1996, og spredte seg deretter igjen til nabovassdrag. Derfor vart det gjort nye behandlingar i 2013 og 2014. Rauma er med sin 42 kilometer lakseførande strekning den lengste elva som er rotenonbehandla til no.

Friskmeldinga er resultat av eit omfattande arbeid når det gjeld bekjemping, reetablering og overvaking, og har kosta over 100 millionar kroner.

– Laksebestandane i elvane var så godt som utrydda i naturen. Reetableringa av bestanden starta allereie fyrste året etter siste behandling. Genmaterialet er teke vare på i Miljødirektoratets genbank på Herje, og vassdraga kan dermed bli reetablerte med laks som er genetisk tilpassa dei lokale forholda, seier Hambro.

Vurderer opning av fisket

Rauma har lang tradisjon som ei populær elv for laksefiskarar. Det er knytt spenning til når det kan bli opna for ordinært fiske i vassdraga.

‒ Vi veit at reetableringa av bestandane ligg godt an, men vi kan ikkje seie noko sikkert om fisket før vi veit om gytebestandsmålet er nådd. Vi må gjere ei fagleg vurdering når vi får resultata frå gytefiskteljinga no i haust, men eit sterkt avgrensa fiske dei fyrste åra etter ei friskmelding er vanleg.

Hindre spreiing av parasitten

For å hindre spreiing av Gyrodactylus salaris til nye vassdrag, må alle som ferdast mellom elvar og innsjøar vere nøye med å desinfisere og tørke brukt utstyr.

Det er forbode å flytte fisk mellom alle elvar og vatn, og mellom ulike delar av same vassdrag. Det er viktig å hugse at parasitten kan overleve fleire dagar i frie vannmassar. Fiske- og padleutstyr må anten verte tørka eller desinfiserte.

Les meir