Klimatilpassing: 19 prosjekt får støtte

Miljødirektoratet deler ut 6,4 millionar kroner til kommunar og fylkeskommunar som vil auke kunnskapen om klimatilpassing.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 05.05.2022

- Klimaendringar kjem sterkare framover og treff mange ulike område. Breidda i søknadane frå kommunane spegler breidda i komande utfordringar. Det er mykje å vinne på å vere tidleg nok ute i arbeidet med klimatilpassing, og fleire av prosjekta vil bidra til viktig læring og erfaringsdeling, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I år har Miljødirektoratet motteke 46 søknadar for til saman 20,2 millionar kroner.  

Formålet med tilskotsordninga er å heve kunnskapen om korleis dagens og framtidas klimaendringar påverker kommunens ansvarsområde, og korleis dei best kan tilpasse seg og førebygge negative verknadar av klimaendringar. 

Det er åttande år på rad Miljødirektoratet deler ut slike tilskot. 

Klimatilpassing i åtte fylke 

Kommunar frå åtte fylke har søkt om støtte til auka kunnskap om klimatilpassing. Årets tilskotsmidlar vert fordelt mellom små og store kommunar i heile landet.

Nokon kommunar samarbeider på tvers av landet fordi dei har dei same utfordringane. Andre vel å samarbeide om prosjekta då dei ligg inntil kvarandre geografisk.

Klimatilpassing i kulturmiljø og forvalting av natur

Det er stor tematisk breidde i søknadane som får støtte. Klimatilpassing i kulturmiljø i Møre og Romsdal, rettleiing for flaumvegar i Oslo og klimatilpassing i forvaltinga av truga natur på Røst, er eksempel på søknadar med nye problemstillingar.

Fleire av dei godkjende søknadane handlar om nettverksbygging og regionale samarbeid, blant anna i Innlandet.

Miljødirektoratet gjev òg støtte til fleire søknadar som omhandlar overvatn. For eksempel skal Bodø og Moss sjå på bruk av blågrøn faktor, medan Harstad skal sjå på moglege overvatnvegar ved auka avrenning på frosen mark.