Korallrev og typisk høgmyr kan bli utvalde naturtypar

Miljødirektoratet tilrår å gje korallrev og typisk høgmyr betre vern. Det er viktig for naturmangfaldet og klimaet.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 05.10.2022

– Dette er eit ledd i arbeidet med å ta vare på areal med trua natur og natur som har viktige økologiske funksjonar. Det vil også bidra til å redusere utslepp av klimagassar. Å ta ekstra omsyn til desse naturtypane er viktig for framtida vår, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Når ein naturtype er utvald i heimel i naturmangfaldslova, betyr det at vi skal ta særskilt omsyn til den. Målet er å sikre utbreiinga til naturtypen og den økologiske tilstanden i områda.

Frå før har Noreg åtte utvalde naturtypar: slåttemark, slåttemyr, hole eiker, kalklindeskog, kalksjøar, kystlynghei, open grunnlendt kalkmark og olivinskog.

No kan også korallrev og typisk høgmyr få plass på lista.

Fyrste marine utvalde naturtype

Viss regjeringa vedtek at korallrev skal bli ein utvald naturtype, blir dette den fyrste marine naturtypen som får ein slik status.

– Korallrev har stor økologisk verdi. Dei er mellom anna svært viktige leveområde for fisk og mange andre organismar. Difor er det heilt nødvendig at vi tek spesielt omsyn til korallreva våre, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Korallrev er eit unikt økosystem på havbotnen og er danna av kalkskjelett frå samfunnsbyggjande koralldyr. Naturtypen er utsett for negativ menneskeleg påverknad og Noreg har internasjonale forpliktingar i å ta vare på denne naturtypen.

Typisk høgmyr er ein viktig del av naturmangfaldet

Typisk høgmyr er myr som har vakse i høgda og dannar ein kuppel eller eit platå av torv. Høgmyrane er ein viktig del av mangfaldet av myrtypar i Noreg, eit mangfald som er trua.

Dei har også eit rikt dyreliv, og ei rekkje artar av fuglar, pattedyr, insekt og edderkoppar trivst der. Myrane har spesielt mange artar av sommarfuglar, biller og midd.

Høgmyr har spesielt djupe lag med torv. Nokre av myrane er så djupe som 10 meter. Torva vert hovudsakleg danna av torvmosar som veks i toppen og gradvis døyr nedanfrå. Torvlaget i myra veks difor i høgda med cirka 1 mm per år.

Myr har positiv effekt på klima

Myrar som i dag er 10 meter djupe, har vakse sidan etter siste istid for 10 000 år sidan. Når torva er metta med vatn, blir ikkje det organiske materialet broten ned. Difor inneheld høgmyrane mykje karbon per arealeining.

– Det å ta omsyn til høgmyrane er også eit viktig klimatiltak, fordi då unngår vi utslepp av karbonet som er lagra i torva, seier Ellen Hambro.

Ved å ivareta dei karbonrike myrane, vil torvmosane byggje opp endå meir torv. Det gjer dei til store og viktige karbonlager i framtida.

Trua av menneskeleg aktivitet

Dei viktigaste grunnane til at typisk høgmyr har vorte trua er grøfting i samband med jordbruks- og skogbrukstiltak, uttak av torv, nedbygging, oppdyrking og vass- og vindkraftregulering.

Ved grøfting eller anna graving i myra, skjer det ofte store endringar i hydrologien fordi grunnvassnivået vert senka og myra tørkar ut. Dette endrar heile økosystemet: vassforholda, mikroklimaet og plante- og dyrelivet. Det fører også til at torva blir broten ned og slepper ut CO2.

Dei fleste av høgmyrane som er igjen, er påverka av grøfting. Difor er det viktig å ta vare på dei som er intakte, og restaurere så mange som mogleg av dei som er påverka.

Stor støtte under høyring

Forslaget om å gjere korallrev og typisk høgmyr til utvalde naturtypar vart sendt på høyring av Klima- og miljødepartementet. Miljødirektoratet fekk i oppdrag å oppsummere høyringa og gje fagleg tilråding.

Forslaget har fått brei støtte frå høyringspartane. 54 høyringsinstansar sende innspel. Av desse var 13 utan merknadar. 

– Det er gledeleg at så mange er positive til forslaget. Det gjeld også næringar og kommunar som kan bli påverka. Å ta vare på økosystema vil bidra til å oppfylle internasjonale og nasjonale mål for naturmangfald og klima. Dette er vinn-vinn på begge miljøområde, seier Ellen Hambro. 

Både departement, direktorat, statsforvaltarar og andre statlege etatar og organ, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar og private bedrifter sende innspel til forslaget. 

Éin million artar er trua

Det internasjonale naturpanelet (Ipbes) anslår at åtte millionar artar av plantar og dyr lever på kloden i dag. Éin million av dei er trua av utrydding. Naturpanelet slår også fast at det er korleis vi menneske bruker og endrar areala, som er den viktigaste årsaka til tapet av natur. 

Det følgjer av stortingsmelding nr. 14 (2015-2016) "Natur for livet" og den etterfølgjande stortingshandsaminga, at regjeringa skal setje i verk ei rekkje tiltak for å ta vare på trua natur.

I Noreg har sektorstyresmaktene (mellom anna landbruks-, fiskeri, energi-, veg- og miljøstyresmaktene) difor utarbeidd og stilt seg bak ein oppfølgingsplan for dei mest trua artane og naturtypane. 

Ei direktoratsgruppe for trua natur jobbar på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og sektordepartementa med å gjennomføre oppfølgingsplanen for trua natur fram mot 2035.I denne planen står det kva verkemiddel sektorane tilrår å bruke for å betre statusen deira på raudlistene for artar og naturtypar.

Korallrev og typisk høgmyr er to av naturtypane som er med i denne planen, og der sektorane tilrår å bruke utvald naturtype som eitt av verkemidla.

Relatert