Oljetankane har vore nytta til å varme opp bustadar og andre bygg med fyringsolje eller parafin. Medan nokre har nytta seg av innandørs kjellartankar eller lagra parafin på frittståande fat utandørs, har mange huseigarar hatt oljetankane sine nedgravne i grunnen utanfor huset. Fyring med mineralolje for å varme opp bygningar er no forbode, men framleis ligg mange av desse tankane att. 

Fare for lekkasje og forureining

Dei nedgravne tankane og røyrsystema som er kopla til, vert utsett for både innvendig og utvendig korrosjon og anna elding, og utgjer ein risiko for lekkasjar og forureining. Mange av dei vart gravne ned og installert på 1960- og 1970-talet. Dei mest alvorlege problema ved lekkasjar oppstår når grunnen og vassressursar vert forureina, men innemiljøet i hus kan òg bli skadelidande.

Forbod mot oljefyring

Forbodet mot å fyre med mineralolje til oppvarming av bygningar (oljefyrforbodet) tredde i kraft 1. januar 2020. Formålet med forskrifta er å redusere utslepp av klimagassar til atmosfæren. Oljefyrforbodet forbyr sjølve bruken av oljefyranlegga med fossil mineralolje, men sett ikkje krav til kva som skal gjerast med anlegga som ikkje lenger er i bruk.

Krava som vert stilt til handtering av nedgravne oljetankar følger på si side av forureiningslova og forureiningsforskrifta kapittel 1 om nedgravne oljetankar. Hensikta med desse krava er å hindre at olje frå tankane skal forureine grunnen.

Krav til eigar av oljetank

Krava som vert stilt til dei som eig oljetankar følger dels av spesifikk kravstilling i forureiningsforskrifta kapittel 1, og dels av meir generelle bestemmingar i forureiningslova.

Kapittel 1 i forureiningsforskrifta angir krav for å motverke forureining frå nedgravne oljetankar. Mellom anna skal nedgravne tankar som ikkje lenger er i bruk tømmast og gravast opp, eventuelt kan tankeigar søke kommunen om løyve til å gjere rein tanken og fylle han att med sand, grus eller liknande i staden.

Kvar enkelt kommune må vedta bestemmingane i ei lokal forskrift for at dei skal verte gjeldande. Vi anbefaler deg å høyre med kommunen din om den har vedtatt forskrifta.

Dersom kommunen ikkje har vedteke ei slik lokal forskrift, gjeld uansett den generelle bestemminga i forureiningslova § 7 om at det ikkje er lov til å ha eller gjere noko som kan medføre risiko for forureining. Dette betyr at tankeigar plikter å motverke forureining og lekkasjar frå sin eigen tank.

Kommunen er myndigheit for nedgravne oljetankar

Kommunen er forureiningsmyndigheit for nedgravne oljetankar uansett om kommunen har vedteke ei lokal forskrift om nedgravne oljetankar eller ikkje.

Kommunen kan sette krav til handtering av nedgravne oljetankar og til handtering av forureining frå desse. Kommunen kan til dømes gje pålegg om opprydding.

Kommunen er òg myndigheit for tilsyn og skal sikre at forbodet mot fyring med mineralolje vert følgt.

Tankeigarar som har spørsmål om sin eigen tank må rette desse til kommunen.

Tankeigar er ansvarleg for eigen oljetank

Tankeigar er sjølv ansvarleg for å hindre at oljetanken kan utgjere ei risiko for forureining. Dette gjeld uavhengig av om kommunen har vedteke ei lokal forskrift om nedgravne oljetankar eller ikkje.

Tankeigar er og ansvarleg for å setje i verk dei tiltaka som er nødvendig for å rydje opp og bøte på skader etter forureining frå tanken, med mindre ein annan part er direkte skuld i lekkasjen. Det skal normalt ikkje vere nødvendig at kommunen må påleggje den ansvarlege slike tiltak.

Tiltaka som setjast i verk må vere forsvarlege og lovlege. I dette ligg det at tiltaka ikkje kan representere ei fare for forureining. Normalt bør ein hente inn hjelp frå erfarne fagfolk til dette.

Ei forureining er akutt dersom ho er av betyding og oppstår plutseleg (forureiningslova § 38).

Dersom ein oljetank brått går lekk og det er store mengder olje som renn ut, vil forureiningssituasjonen vere å sjå på som akutt. Det same kan vere tilfelle dersom ei forureining som alt har ligge i grunnen ei tid brått begynner å spreie seg og renn ut ein annan stad, til dømes på grunn av gravearbeid i nærleiken, ekstremvêr eller andre hendingar.

Alle tilfelle av akutt forureining skal varslast til brannvesenet snarast råd. Dette følger av forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining.

Oljetankar som ikkje er nedgravne

Nedgravne oljetankar utgjer generelt sett ei større risiko for forureining av betyding, samanlikna med oljetankar som er plassert over bakken. Dette mellom anna fordi dei ligg slik til at tankeigar sjølv ikkje kan sjå kva tilstand tanken er i. Lekkasjar kan òg gå føre seg over lengre tid før dei vert oppdaga. Dei nedgravne tankane er derfor særskild regulert i lovverket.

Dei som eig eller brukar mindre oljetankar som ikkje er nedgravne (til dømes kjellartankar og andre overgrunnstankar med oljeprodukt), må òg sjå til at desse ikkje utgjer ei risiko for forureining. Dette følgjer av dei generelle bestemmingane i forureiningslova. Korleis dette skal gjerast er ikkje særskild regulert i lovverket.

Store overgrunnstankar med olje (som er større enn 10 m³, og som vanlegvis er knytt til tankanlegg og anna industriverksemd) vert regulert etter kapittel 18 i forureiningsforskrifta. Her er det stilt krav om fleire førebyggjande tiltak som skal hindre forureining dersom desse tankane skulle gå lekk.

Kommunen er ikkje myndigheit for oljetankar som ikkje er nedgravne. Da vil det vere enten Miljødirektoratet eller fylkesmannen som er myndigheit.

Meir informasjon om nedgravne oljetankar