Når du har bestemt deg for å tilrettelegge stien, og du veit at dette ikkje skjemmer landskapet, natur- og kulturverdiar, må du velje kva tilrettelegging du skal gjere.

Det aller viktigaste du bør tenke på når du skal velje tilretteleggingstiltak, er korleis du kan styre vatn og ferdsel.

Å styre vatn handlar om å enten leie vatn ut av stien, eller stoppe det før det kjem inn i stien. Det kan du lese meir om her:

Å styre ferdsel handlar om å gjere det attraktivt og behageleg for folk å gå på stien, slik at dei ikkje utvidar han eller lagar villstiar.

Kombiner ulike teknikkar

Ein kombinasjon av ulike typar stitiltak, i kombinasjon med mest mogleg naturleg sti, er dei beste stiane. Dei kanaliserar ferdsla best, gir kontroll på rennande vatn og bryt ikkje for mykje med landskapsbildet.  

  • Går stien i et vått område, kan du legge gangbaner av tre. Du bør også vurdere å flytte stien til eit tørrare parti.
  • Om du skal bygge opp eit stispor i eit flatt parti, kan du vurdere å lage ein grussti.
  • Der stien begynner å bli bratt, kan du vurdere ein spalta grussti.
  • Der stien er spesielt bratt, kan du legge inn korte parsellar med steintrapp.

Kor stort tiltak bør du gjere?

Hald tilretteleggingstiltaka ned på eit minimum, men gjer nok til å løyse problema. Nokon gangar kan det vere nok å utbetre korte partiar i stien, i staden for å bygge opp heile stien på nytt.

Seksjoner opp stien slik at du har kortast moglege parsellar med full tilrettelegging, parsellar med noko tilrettelegging og parsellar med mest mogleg naturleg sti.

Tenk naturleg

Stien skal ikkje vere så straumlinjeforma og rett at han bryt med naturlandskapet.

For å unngå at stien blir eit framandelement i landskapsbildet er det viktig å: 

  • tenke usymmetrisk – natur er verken statisk eller symmetrisk 
  • bruke lokalt materiale og massar

Lag rutinar for vedlikehald

Eit stiprosjekt krev tilsyn og vedlikehald. Når du har gjort ei tilrettelegging, har du også ansvaret for å vedlikehalde den delen av stien. 

Du bør ikkje tilrettelegge ein sti om du ikkje har framtidige ressursar til å vedlikehalde stien.

Her finn du rettleiing for korleis du gjennomfører og vedlikehalder ulike tiltak: 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid