Basert på det du har funne ut om stien og området rundt, bør du skrive ei kortfatta faktabasert prosjektskisse som oppsummerar dei utfordringane og problemstillingane som må løysast. 

Denne prosjektskissa nyttast som grunnlag for om ein skal gå vidare eller skrinlegge stiprosjektet.

Ei prosjektskisse må kunna seie noko om:

  • korleis grunneigarar, landbruket og andre aktørar stiller seg til at ein vedlikeheld og aukar ferdselen i området
  • naturverdiar og kulturminne i området
  • besøkstal
  • grada av slitasje og behovet for vedlikehald
  • problem med erosjon på grunn av rennande vatn i stisporet
  • andre typar utfordringar
  • kva tiltak ein ser for seg å gjere
  • korleis tilhøva er med tanke på tilkomst, parkering, informasjon, skilting, toalett og meir

Ei prosjektskisse bør og ha eit kart som viser kor stien går, der den relevante informasjonen er markert.

Detaljplanlegging av stiprosjektet

Om du konkluderar med at du ynskjer å gå vidare med stiprosjektet, må stien detaljplanleggast. Dette gjer du for å kunne kostnadsregne og planlegge gjennomføringa av prosjektet. Detaljplanlegging krev at ein har erfaring med denne typen prosjekt.

Viss prosjektet er omfattande, bør du vurdere å opprette ei prosjektgruppe som kan vere med på å planlegge og styre prosjektet. Gruppa kan bestå av personar som representerer kommuneadministrasjonen, grunneigar, reiseliv, lag og foreiningar.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid