Det første du må gjere når du vurderer å tilretteleggje ein sti, er å snakke med og få løyve frå grunneigaren.

Du må og avklare med kommunen om eit tiltak må behandlast etter plan- og bygningslova eller andre lover. Har du bruk for motoriserte køyretøy må du ha løyve etter motorferdselslova.

Kommunen har oversikt over drikkevasskjelder, landbruksinteresser med meir, og kan hjelpe deg med å komme i kontakt med de rette instansane eller folka som bør involverast i eit stiprosjekt.

Viktige interessentar i stiprosjekt

Det er viktig å ta omsyn til aktørane som har interesser i området stien går. Dette er viktige samarbeidspartnarar.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid