Mål

Følgje med på langtransporterte miljøgifter som kjelde til forureining i Noreg, og bruke denne informasjonen i internasjonale forhandlingar for å regulere nye miljøgifter og for å for å vurdere om tiltak som er gjort for å regulere utslippene av desse miljøgiftene virker.

Programperiode

1990-

Hvor overvåker vi?

På tre stasjoner; Birkenes, Andøya og Zeppelinfjellet på Svalbard. Overvakinga på Andøya avviklast i 2022 og vi startar med overvaking av miljøgifter i luft i Sofienbergparken i Oslo.

Slik overvåker vi

Gjennom programmet overvaker vi eit utval organiske miljøgifter og tungmetall i luft. Nokon av miljøgiftene målast også i nedbør.

Prøvetaking, analyser og rapportering skjer kvart år, og for dei fleste miljøgiftene tek vi ukentlege prøver på Svalbard.

Dette bruker vi dataene til

Resultata frå dette programmet blir bruk i mange samanhengar, mellom anna for å sjå om miljømåla blir nådd og i arbeidet med internasjonale avtaler.

Eksempler på avtaler er Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen, Langtransportkonvensjonen, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP), OSPAR-konvensjonen, Samarbeidsprogrammet for overvåking og evaluering av langtransporter luftforurensning i Europa (EMEP) og kjemikalieregelverket REACH i EU.

Eit viktig grunnlag for stiftinga av Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP) og internasjonaleavtaler som Stockholm- og Minamatakonvensjonen, var nettopp dokumentasjon på at miljøgifter transporterast over store geografiske avstander, til Arktis via luftstraumar.

Zeppelinobservatoriet ligg langt frå industrialiserte områder og er lite påverka av utslepp som skuldast menneskeleg aktivitet. Dette gjer det til eit unikt referansepunkt på global skala.

Den nye overvakingsstasjonen i Sofienbergparken vil gi ny og verdifull kunnskap om miljøgifter i luft i byen.

Hvor finnes data?

"Det overordna formålet med dette programmet er å skaffe kunnskap om miljøgifter i luft og nedbør transportert til Noreg i atmosfæren.

Overvakinga skal også så langt som mogleg seie noko om geografiske skilnader i miljøgiftnivåa, samt halde i hevd rapportering til internasjonale konvensjonar, program og nettverk.

Etter evalueringa av Miljødirektoratets klima- og forureiningsovervaking i 2011-2012 har det blitt særleg fokus på å skaffe data som kan nyttast i reguleringa av nye miljøgifter.

Programmet har følgjande mål:

  • Gi kunnskap om det atmosfæriske bidraget av miljøgifter til det norske miljøet
  • Gi kunnskap om miljøgifter sine langtransporterande eigenskaper
  • Gi data som kan nyttast i regulering av nye miljøgifter
  • Gi kunnskap om endringar i nivå av miljøgifter over tid og rom, der det er relevant
  • I den grad det er mogleg, seie noko om potensiell effekt av klimaendringar på atmosfærisk transport av miljøgifter til Noreg, samt kjeldeområder for miljøgiftene

Stasjonskart