Jotunheimen strekkjer seg frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn.

Nasjonalparken ligg i kommunene Lom, Vågå og Vang i Innlandet fylke, og Luster og Årdal i Vestland fylke.

Tilgrensande verneområder

Utladalen landskapsvernområde.

Verneformålet til Jotunheimen nasjonalpark

Utdraget under er henta fra § 1 i Forskrift om Jotunheimen nasjonalpark:

Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit stort, samanhengjande og villmarksprega naturområde i overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur som inneheld særprega og representative økosystem og landskap utan tyngre naturinngrep.

Vidare er formålet med vernet å ta vare på:

  • eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert naturmangfald, medrekna artar, bestandar, naturtypar og geologi
  • store alpine fjellmassiv med brear og spisse tindar med dei høgste fjelltoppane i Noreg
  • vakre og eigenarta landskap
  • fjellvatn og vassdragsnatur
  • særprega geologiske førekomstar
  • leveområde for villreinen
  • kulturminne

Kva for restriksjonar som gjeld i nasjonalparken kan du lese om i verneforskriften § 3.

Nasjonalparksenter

Tilknytta Jotunheimen nasjonalpark er Besøkssenter nasjonalpark Jotunheimen Breheimen Reinheimen.

Nasjonalparksenteret skal

  • være ein åpen dør til naturen og naturopplevelsar
  • informere om nasjonalparker og naturvern
  • skape forståing for vern av sårbare naturtypar og artar og verdia av store samanhengande naturområde

Forvaltning av nasjonalparken

Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre.

I tillegg er ein nasjonalparkforvaltar ansatt hos statsforvaltaren som sekretariat for styret. Vedkommande er underlagt styret i det som handlar om forvaltninga av verneområdet og har i oppgave å sikre god kontakt med, og ha kunnskap om, lokalmiljøet.

Forvaltaren skal og sjå til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale forpliktingar nasjonale føringar, naturmangfoldlova og verneforskriften til  området.

Flere fakta om nasjonalpark og vernet natur

Turistinformasjon