Høringer
Boliden søker om endring av tillatelse til deponering
Boliden Odda AS har søkt om å deponere avfall som inneheld kvikksølv i ein eigen, nyetablert fjellhall avsett til formålet. Hallen er tilknytt det eksisterande fjellhalldeponiet til bedrifta i Mulen. Dei søkjer om å deponere inntil 700 tonn kvikksølvhaldig avfall i året. Fjellhallen vil ha plass til totalt 7000 tonn avfall. Avfallet vil komme til hallen i lukka kontainer som blir støypt inn i betong i fjellhallen. Barrieren i hallen vil forutan betong, vere ein HDPE tetningsmembran og sjølve berget. Ved dagens deponering av kvikksølvhaldig avfall, blir det støypt inn eitt lag med kontainere i botnen av fjellhallen, som deretter blir etterfylt av andre avfall i form av tungmetallhaldig slam. I den nye hallen vil det berre deponerast kontainere med kvikksølvhaldig avfall, men desse vil leggjast i fleire lag. Boliden Odda vurderer deponeringsmetoden som svært stabil og at utslepp av kvikksølv vil vere utelukka, også i eit svært langt tidsperspektiv.
Boliden Odda søkjer også om å deponere inntil 10 000 tonn skjerstein per år i fjellhall 23-30. Bedrifta har i dag løyve til å deponere inntil 25 000 tonn skjerstein per år i fjellhall 21 og 22. Avfallet stammar frå Bolidens søsterbedrift i Sverige. Avfallet er eit glasaktig slagg som oppstår i ein smelteprosess ved gjenvinning av mellom anna batteri. Det er ikkje søkt om auka utslepp frå deponiet.
Søknaden og andre relevante dokument ligg nedst på denne sida.
Eventuelle utsegner skal sendast til Miljødirektoratet via denne sida, ikkje til Miljødirektoratets postmottak. Utsegnene vil liggje på høyringssida og blir synlege for alle interesserte.
Gi høringsuttalelse
Høringsfristen for denne høringen er utløpt
Høringer
Se alle-
Frist: 31.03.2025
Olje og gass
Equinor søker om fjerning av Veslefrikk A plattformdekk, stålunderstell og forboringsramme
-
Frist: 31.03.2025
Olje og gass
Equinor søker om oppdatering av tillatelse til avslutningsaktiviteter ved Heimdal
-
Frist: 31.03.2025
Klima, Regelverk
Høring av endringer i klimakvoteforskriften