Forureiningsforskrifta kapittel 1 er ei frivillig forskrift for kommunen og trer berre i kraft dersom kommunestyret fastset ei lokal forskrift, jamfør § 1-2.

Kommunestyret avgjer verkeområdet for forskrifta. Dette inkluderer kva størrelse på nedgravne oljetankar forskrifta skal omfatte og kva for områder i kommunen forskrifta skal gjelde for.

Kommunestyret kan òg fastsette at det ikkje er lov å ha nedgravne oljetankar i enkelte områder i kommunen (jamfør § 1-12).

Kommunen kan ikkje vedta andre bestemmingar om oljetankar i den lokale forskrifta enn det som §§ 1-2 og 1-12 forureiningsforskrifta kapittel 1 alt opnar for i dag.

Oppmodar om å fastsette lokal forskrift

Miljødirektoratet oppmodar alle kommunar som i dag ikkje har lokal forskrift for nedgravne tankar, om å vedta ei slik forskrift så snart som mogleg. Dette vil gje føreseielege krav for tankeigarar og lette kommunen si sakshandsaming.

Miljødirektoratet har tidligare foreslått endringar i forureiningsforskrifta kapittel 1 som vil kunne gjere forskrifta gjeldande i alle kommunar, men det er usikkert når ei eventuell revidert forskrift vil tre i kraft.

Føre tilsyn

Kommunen er tilsynsmyndigheit etter forskrifta, jamfør forureiningsforskrifta § 1-10. Kommunen skal då føre tilsyn med at tankeigar oppfyller sine plikter etter forskrifta.

Sette krav til kontrollør

Kommunen skal stille krav til den som skal føre kontroll med nedgravne oljetankar. Dette er forankra i forureiningsforskrifta § 1-10.

Forskrifta har ingen nærmare føringar for krava som skal stillast. Men det er naturleg å tenke seg at slike krav kan omfatte kontrollmetodar og kompetanse og erfaring frå tilsvarande aktivitetar for den som utfører kontroll.

Kommunen bør vedta krava som lokal forskrift.

Gje dispensasjon og stille strengare krav

Kommunen har myndigheit til å dispensere frå vedtatt forskrift, jamfør forureiningsforskrifta § 1-11. Kommunen kan som myndigheit òg stille strengare krav, jamfør forureiningsforskrifta § 1-12.

Dispensasjon eller strengare krav i særskilte høve vil vere enkeltvedtak.

Føre register

Kommunen skal etablere og ajourføre eit register over tankane dersom dei har fastsett forureiningsforskrifta kapittel 1 om nedgravne oljetankar. Registeret er viktig for å føre målretta tilsyn med tankane.

Dette følgjer av forureiningsforskrifta § 1-10.

Fleire kommentarar til forskriftsteksten

Det finst òg ei eldre rettleiing til forureiningsforskrifta kapittel 1 (TA-1480) som SFT (no Miljødirektoratet) utarbeidde i samband med forskrifta, og som var meint som eit hjelpemiddel for kommunane saman med forskrifta.

Me gjer merksam på at denne rettleiinga vart utgiven i 1997, og at ho no er av eldre dato. Rettleiinga er ikkje oppdatert med til dømes større endringar som er gjort i anna regevelverk som er nemnd her. Rettleiinga gir likevel fleire nyttige detaljer om til dømes kva som er meint med dei ulike omgrepa og definisjonane i forskrifta.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid