Allemannsretten gir alle lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Kommunen har eit ansvar for å fremje innbyggjarane si interesse for friluftsliv.

Sjå meir om allemannsretten

Regulere ferdsel i utmark

Kommunen kan regulere riding, sykling, og liknande ferdselsformer gjennom forskrift. Vedtak i kommunen må stadfestast av Fylkesmannen. Grunneigar eller brukar må samtykke i reguleringa. Sjå friluftslova § 2 andre ledd.

Regulere ferdsel i innmark

Kommunen kan regulere ferdsel til fots på veg og sti i innmark som fører til utmark, og ferdsel med hest, sykkel og liknande ferdselsformer på veg og opparbeidd sti i innmark som fører til utmark. Grunneigar eller brukar må samtykke i reguleringa. Sjå friluftslova § 3a tredje ledd.

Gi løyve til eller krevje avgift for tilgang til friluftsområde

Kommunen kan i enkeltvedtak gje løyve til å krevje ei rimeleg avgift for tilgang til friluftsområde. Kommunen kan sette vilkår for slik løyve. Sjå friluftslova § 14.

Regulere ferdsel i visse friluftsområde

Kommunen kan i forskrift fastsetje reglar for åtferd. Reglane skal særleg ta sikte på å oppretthalde ro og orden, verne dyre- og plantelivet og fremme helsetiltak og sanitære forhold. Vedtak i kommunen må stadfestast av Fylkesmannen. Bestemmelsen følger av friluftslova § 15.

Sperre av særleg utsette område

Kommunen kan vedta delvis sperring gjennom forskrift. Området må vere særleg utsett for ferdsel. Ferdselen må òg gjere nevneverdig skade, eller vere vesentleg til hinder for eigar eller brukar. Vedtak i kommunen må stadfestast av Fylkesmannen. Sjå friluftslova § 16.

Krevje innløysing av særleg utsette område

Når kommunen velger ikkje å sperre området plikter kommunen i enkeltvedtak å innløyse området dersom det i særlig grad blir utsatt for allmennhetens ferdsel. Det same gjeld når sperring etter § 16 ikkje er tilstrekkeleg til å verna området. Bestemmelsen er ifølgje friluftslova § 18 første ledd.

Stogge og fjerne ulovlege byggverk og anna

Kommunen kan stogge eller fjerne ulovleg oppsette skilt, gjerde og anna stengsel gjennom enkeltvedtak. Dersom ikkje ulovleg stengsel eller skilt fjernast etter pålegg frå friluftslivsorganene kan kommunen pålegge den ansvarlege for overtredelsen ei tvangsmulkt. Sjå lovteksten under.

Forholdet til forvaltningslova

Mange kommunale vedtak krev fylkesmannen si stadfesting for å vere gyldig. Stadfesting er ofte nødvendig når kommunen innskrenker allemannsretten. Både den kommunen som fremmer stadfestingsvedtaket og nabokommune har klagerett. Dersom kommunen ikkje er einig kan kommunen bringe vedtaket inn for departementet. Sjå lovteksten under.

Setje inn tiltak for å lette ferdsla

Kommunen kan varde opp ruter, byggje klopper og bruer og setje i verk andre tiltak for å lette ferdsla langs ruter og stiar i utmark, utan løyve frå grunneigaren. Kommunen kan òg gje organisasjonar som har som føremål å fremje reise- og friluftsliv løyve til å varde og merke opp ruter og stiar i utmark, utan samtykke frå grunneigaren. Bestemmelsen er ifølgje friluftslova § 35.

Utsegn om tvilsspørsmål

Kommunen må gje utsegn i tvilsspørsmål knytt til allemannsretten. Grunneigar, brukar eller eit interessert friluftslag kan krevje utsegn om eit område er utmark eller innmark. Det kan vere utsegn om avstand mellom telt- eller rasteplass og bebudd hus eller hytte er etter krava i lova, eller om rasting eller telting kan medføre nevneverdig skade. Kommunen plikter òg å vurdere om eit stengsel er ulovleg.

  • Kommunen skal arbeide for å fremje friluftsføremål innan sitt område: friluftslova § 22 andre ledd.
  • Kommunen har eit generelt ansvar for å fremje allmenta sine interesser: friluftslova § 22 første ledd.