Kommunen si myndigheit

Kommunen skal utføre dei lovpålagte oppgåvene sine i samsvar med friluftslova og fremje interessene til allmenta. Innhaldet i dette ansvaret følgjer av friluftslova § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. Departementet kan gje forskrift som konkretiserar kommunen sine oppgåver, sjå friluftslova § 23.

Kommunen skal arbeide for å fremje friluftslivsføremål og kan som ledd i dette opptre, klage og reise søksmål for å ta vare på allmenta sine interesser.

Rettleiing til saksgangen

Verkemidla

  • Opptre, klage og reise søksmål kor dette er naudsynt for å sikre allemannsretten lokalt og regionalt.

  • Vedta forskrift om ferdsel i utmark (friluftslova § 2 andre ledd), ferdsel på vei eller sti i innmark (friluftslova § 3 a andre ledd), adferdsreglar (frilulftslova § 15) og sperring av særleg utsette områda (§16).

  • Fatte vedtak om avgift for adgang til friluftsområder (friluftslova § 14), tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark (friluftslova § 35) og stansing, fjerning av ulovelig byggverk, tvangsmulkt (friluftslova § 40).

  • Rapportere til politiet og påtalemyndigheitene om ulovlege brot på friluftslova.

  • På førespurnad, gi fråsegner etter friluftslova § 20 om utsegn i tvilsspørsmål.

  • Forhandle fram gode løysingar lokalt ved til dømes å sikre eit tilstrekkeleg maskinpreparert løypenett.

Kartlegging av ferdselshinder

  • Ta initiativ til kartlegging av ferdselshinder.

  • Fjerne ulovlege stengsel.

  • Jobbe målretta for å fremje friluftslivet jamfør friluftslova § 1 om lovens formål og § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver.

  • Ha god dialog med frivillige friluftslivsorganisasjonar.

Leggje til rette for friluftsliv

  • Vurdere behovet for å stimulere til friluftsliv, leggje til rette friluftslivsområde og eventuelt søkjer om midlar til friluftsliv gjennom vårt søknadssenter:

  • Post 74 gjeld stimulering og post 31 gjeld tilrettelegging.

  • Motivere til lågterskelaktivitetar og bynært friluftsliv.

  • Målretta aktivitet mot fleirkulturelle grupper.

Kartleggje og verdsetje friluftslivsområde

  • Integrere friluftslivsarbeidet i kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.

  • Sikre grøne lunger i tettstader og byar for lågterskelaktiviteter og urbant friluftsliv.

Rettleie og informere

Ta i bruk tilgjengeleg informasjon, følg med på desse nettsidene.

Kvifor?

Lovgrunnlaget og andre retningsliner

Kommunen si plikt til å opptre, klage og i tilfelle reise søksmål følgjer av friluftslova § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. Departementet kan gje forskrift som konkretiserar kommunen sine oppgåver, sjå friluftslova § 23.