Klimaet som dyr og planter lever i, er ein essensiell del av livsvilkåra deira. Difor vil alle artar i naturen bli påverka av klimaendringar, både direkte og indirekte. For å sikre at ein når dei nasjonale måla for naturmangfald, er tilpassingar og tiltak heilt nødvendig. Samtidig kan natur og naturbaserte løysingar bidra til å dempe virkningane av klimaendringane i andre delar av samfunnet.

Utslag av klimaendringar er berre ei av mange endringar som verkar inn på natur og naturmangfald. Naturmangfaldlova krev òg at ein må vurdere den samla belastninga, inkludert klimaendringar, når ein fattar avgjerder som kan gå ut over naturmangfaldet.

Truga arter

Klimaendringar påverkar det biologiske mangfaldet stadig meir. Så mange som 87 av dei truga artane på Raudlista blir rekna som truga av klimaendringar. Mange er knytte til eit kjøleg fjellklima og er difor sårbare for høgare temperaturar. Vi veit i tillegg at vi kan ha undervurdert skadeverknadene av klimaendringar.

Sannsynlegvis vil mange fleire truga artar, med unntak av dei som er varmekjære, få større problem. Det er fordi klimaendringar vil gjere det naudsynt for artane å tilpasse seg på ein måte som truga artar har vanskar med. Noreg har som nasjonalt mål at ingen arter skal utryddast, og det krevst ein ekstra innsats for å sikre dei truga artane.

Relevante ressursar

For å finne ut kva for artar på raudlista som er negativt påverka av klimaendringar, kan du gjere eit søk i Raudlistebasen hos Artsdatabanken. Vel «avansert søk», og under «påvirkningsfaktorer», klikkar du på «klimatiske endringar». Dette gjer deg ei liste over artane som er påverka av klimaendringar. Tabellen viser kva for fylke artane finst i. 

 

Framande artar

Globalt reknast skadelege framande artar som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. I Noreg gir Norsk svarteliste ei oversikt over framande artar med høg økologisk risiko. Klimaendringane forsterkar spreiinga og effekten av framande artar fordi ein del artar som i dag ikkje overlever på grunn av kaldt klima får betre vilkår.

Det viktigaste tiltaket er å avgrense spreiinga av artar som gjer stor skade på naturmangfaldet.

Framande organismar er regulerte i ei eiga forskrift. Forskrifta inneheld ei forbodsliste med dei mest skadelege framande artane. Det er søknadsplikt for ein del artar. Forskrifta inneheld òg forsiktigheitskrav til dei som innfører eller set ut framande organismar i Norge. Det er forbode å setje ut fisk og ferskvassorganismar i sjø, vatn og vassdrag. Dersom ein vil nytte utanlandske treslag til skogbruksføremål, må ein søkje om løyve. Fleire sektorar har ansvaret for aktivitetar, forvaltning og handheving av regelverk knytte til innførsel, omsetning og utsetting av slike artar, og for kontroll og nedkjemping.

Døme på strategiar og handlingsplanar:

Relevant regelverk

Relevante ressursar

Friluftsliv

I Norge kjem klimaendringane til å gjere skisesongen kortare, særleg i låglandet. Fleire brear og brearmar vil smelte bort, krympe eller bli utilgjengelege for breturar. Med meir nedbør blir stiar meir utsette for væte, erosjon og skred. Attgroinga vil skyte fart, og meir vedlikehald må til, både for at folk skal kome seg fram og for å ta vare på utsikta. Med høgare temperaturar kjem fleire menneske til å opphalde seg i skjergarden og strandsona i sommarhalvåret. Tørre periodar vil òg gjere det nødvendig å førebyggje brann, til dømes gjennom utvida bålforbud og meir informasjon om skogbrannfare.

I Norge har vi nasjonale mål om at alle skal ha høve til å utøve friluftsliv i nærområdet sitt og elles i naturen. Det krev at område som er viktige for friluftsliv blir sikra og forvalta godt, og at allemannsretten blir halden i hevd. For å nå desse måla, må vi setje i verk ein god del tilpassingstiltak.

Relevant rettleiing og ressursar

Naturbaserte løysingar

Naturbaserte løysingar går ut på å løyse samfunnsutfordringar gjennom å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem. Løysingane er multifunksjonelle; dei same areala fyller fleire behov på ein gong. Dette gjer dei kostnadseffektive. Ved å løyse eit behov knytt til klimatilpassing, kan ein altså samtidig få løyst behov knytt til friluftsliv, dyre- og planteliv, luftkvalitet, estetikk eller helse og trivsel. Når det gjeld klimatilpassing, er det særleg tiltak knytt til handtering av overvatn og flaum ein har fokusert på i Noreg.

Målet med bruk av naturbaserte løysingar for klimatilpassing er å dempe negative effektar av klimaendringar som flaum, overvatn, skred eller liknande. Naturbaserte løysingar er likevel karakterisert ved at dei ofte har fleire funksjonar og kan gi ei rekkje positive tilleggseffektar for samfunnet, til dømes medverke til rein luft, fritidsaktivitetar, bevaring av kulturminne og -miljø, landskap, helsevinstar, velvære og naturmangfald. Naturbaserte løysingar er ofte kostnadseffektive, særleg når ein vurderer alle tilleggseffektane for samfunnet. Det å ivareta eller restaurere robuste økosystem, og å sikre blågrøn infrastruktur, er løysingar som også er viktig for å ivareta naturmangfald under eit endra klima.

Det finst naturbaserte løysingar for ei rekkje effektar av klimaendringar, mellom anna flaum, overvatn, havnivå og stormflo, skred, nedbør, temperatur og tørke.

Naturbaserte løysingar inkluderer eit stort spekter av tiltak, frå å ta vare på eksisterande natur til å tilretteleggje meir tekniske løysingar som baserer seg på bruk av element frå naturen. Det er ikkje mogleg å gi ei generell vurdering av naturbaserte løysingar opp mot tekniske løysingar. Overordna kan ein likevel sei at naturbaserte løysingar ofte er billegare enn tradisjonelle tekniske løysingar, medan dei tekniske løysingane ofte er meir effektive når det gjeld å møte ei spesifikk klimautfordring. Det rimelegaste kan likevel vere å ta vare på eksisterande funksjonelle økosystem.

Relevant rettleiing og ressursar

Vannforvaltning

I Norge handler klimaendringene mye om endringer i vann. Det er derfor svært viktig at gjennomføringen av arbeidet med vannforvaltning også tar hensyn til at klimaet vårt er i endring.

Mer nedbør (spesielt vinternedbør) vil forsterke avrenning av næringssalter, som igjen vil kunne øke planktonproduksjon. Samtidig kan løst organisk karbon (DOC) også øke med økende nedbør, noe som gir mindre produksjon på grunn av svekket lysinnstråling ned i vannet. Denne økte absorbsjonen av lys bidrar samtidig til økt temperatur i vannet.

I elver og mindre innsjøer vil også endringer i nedbør og lufttemperatur ha betydning for vannføringen og temperaturen i vannet. Summen av disse effektene vil ha betydning for den økologiske statusen for ferskvann. I tillegg vil klimaendringene kunne gi økte skader fra overvann, sørpeskred, flomskred, kvikkleireskred og stormflo. I vannforvaltningen er det nødvendig å ta hensyn til disse effektene.

Relevante regelverk og ressursar

Planlegging på kort og lang sikt

For tiltak med kort varighet, innen de nærmeste tiårene, anbefales det å bruke observerte data for den siste 30-årsperioden. De nyeste normalkartene for temperatur og nedbør er fra perioden 1985-2014. 

For investeringer og planlegging med lengre tidshorisont, bør framskrivinger av klima legges til grunn i vurderingene. 

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid