Ansatte ved lokalkontoret

Peter Hermansen har ansvar for tilsyn med verneområda i indre delar av Aust-Agder og fagansvarleg for motorferdselkontrollen i regionen.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Bykle har ansvar for naturoppsyn i indre delar av Agder og regionalt fagansvar for kontroll med motorferdsel i utmark i Agder og Rogaland.

Arbeidsoppgåver

SNO Bykle har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Kontoret har ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i verneområde i Indre delar av Aust-Agder. Verneområda omfattar eit samla areal på 2.534 kvadratkilometer fordelt på 28 naturreservat, tre landskapsvernområde og eit biotopvernområde.

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde står i ein særstilling, og kontoret delar her oppsynsansvaret med SNO Hægebostad og SNO Suldal.

SNO Bykle løyser delar av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som utførar jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Adresse

Besøksadresse: Hovdetun, 4755 Hovden i Setesdal (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.