Ansatte ved lokalkontoret

Ragni Nordås har ansvar for tilsyn med kystnære verneområde i Hordaland.

Anders Voss Thingnes har ansvar for kystoppsyn i Hordaland.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Bergen har ansvar for naturoppsyn i kystsona i Hordaland. Meir konkret dekker kontoret Sunnhordland, Midthordland, Nordhordland, Voss kommune og deler av Kvam herad.

Arbeidsoppgåver

SNO Bergen har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i kystnære verneområde. Verneområda omfattar eit samla areal på 88 kvadratkilometer fordelt på 122 naturreservat, sju landskapsvernområde og eit fuglefredingsområde.

Viktige arbeidsoppgåver ellers er lakseoppsyn og skilting i verneområda. Kontoret har eit hovudansvar for kystoppsynet i Hordaland, og oppsynsbåtane Skarv og Ørnen nyttast i dette arbeidet.

SNO Bergen løyser deler av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå ein privatperson i Fusa. Han utførar lakseoppsyn i Hardanger og Sunnhordland, og noko naturoppsyn i Kvam, Kvinnherad og Fusa herad.

Adresse

Besøksadresse: Brugata 6, 5200 Os (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.