Ansatte ved lokalkontoret

Olaf Bratland har ansvar for naturoppsynet i Folgefonna nasjonalpark og mindre verneområde.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Rosendal har oppsynsansvar for Folgefonna nasjonalpark, som brer seg over de fem kommunane Jondal, Ullensvang, Kvinnherad, Etne og Odda, og andre verneområder i regionen

 

Arbeidsoppgåver

SNO Rosendal har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet inneber og rettleiing og informasjon, samstundes som det kan innebære skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Rosendal har ei særleg oppgåve med oppsyn i Folgefonna nasjonalpark og dei fire landskapsvernområda direkte knytt til nasjonalparken (Buerdalen, Bondhusdalen, Ænesdalen og Hattebergdalen).

 

Adresse

Besøksadresse: Folgefonnasenteret, Skålafjæro 17, 5470 Rosendal (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.