Ansatte ved lokalkontoret

 

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Ålesund har oppsyn med verneområde i nærliggande område.  

 

Arbeidsoppgåver

SNO Ålesund har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan drive med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Andre viktige arbeidsoppgåver er lakseoppsyn og tilretteleggingstiltak i verneområda.

 

Besøksadresse: Kongshaugstranda 105,6037 Eidsnes (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.