Ansatte ved lokalkontoret

Kjell Hansen har ansvar for tilsyn med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og nærliggande verneområder.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Geiranger har oppsyn i landskapsvernområdet Geiranger-Herdalen med tilgrensande naturreservat og landskapsvernområde i kommunane Stranda og Norddal.

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet står på UNESCO si liste som naturarv (Vestnorsk fjordlandskap) og i geofagleg samanheng er områda unike døme på fjordlandskap med eineståande naturkvalitetar.

Arbeidsoppgåver

SNO Geiranger har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan drive med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Andre viktige arbeidsoppgåver er lakseoppsyn og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Adresse

Besøksadresse: Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.