Ansatte ved lokalkontoret

Esben R. Bø har ansvar for rovviltarbeidet i Oppland.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Lom utførar naturoppsyn i fylka Oppland og Sogn og Fjordane. I tillegg har kontoret regionalt rovviltansvar i Oppland fylke.

Arbeidsoppgåver

SNO Lom har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Lom har ei særlig oppgåve i forhold til koordinering av rovviltoppgåvene i regionen. Dette omfattar arbeid med dokumentasjon av skader årsaka av rovvilt, bestandsregistrering av rovvilt, samt drift og kvalitetssikring av et nettverk av lokalt engasjerte rovviltkontaktar.

Kontoret har eit tett samarbeid med Ole Knut Steinset, SNO Gausdal, som er regionmedarbeider på rovvilt i Oppland.

Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark, og fleire mindre verneområde i regionen. Verneområda omfattar eit samla areal på 1.504 kvadratkilometer fordelt på ein nasjonalpark, 11 naturreservat og to landskapsvernområde.

Ansvaret for saksbehandling på villrein for SNO ligg også til kontoret i Lom.

SNO Lom har store tenestekjøp i samband med jervsporing og oppsyn i verneområde frå ei rekkje lokale oppsynsordningar. Disse samarbeidspartane er Luster og Skjåk kommunar, fjellstyra i Dovre, Finndalen, Fron, Gausdal, Lom, Ringebu, Vågå, Øystre Slidre og Øyer, Skjåk allmenning, samt to privatpersonar.

Adresse

Besøksadresse: Brubakken 2, 2686 Lom (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.