Ansatte ved lokalkontoret

Rigmor Solem har hovedansvar for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.

Oppsynsområde

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er eit av fjellområda i Noreg som er mest nytta i samband med friluftsliv. I området ligg nokre av dei mest etterspurte turmåla i landet.

Jotunheimen er prega av både austlandsk og vestlandsk fjellnatur. Frodige, lågareliggjande dalar, særeigne vassdrag og fossefall, ei mengd brear og dei høgste fjella i Nord-Europa finst her. I Utladalen er det fleire nedlagte gardsbruk, stølar og husmannsplassar.

Arbeidsoppgåver

Statens naturoppsyn (SNO) Vang i Valdres har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks og innlandsfisklova og deler av forureiningslova.

Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Vang i Valdres har ei særlig oppgåve i forhold til oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark (1151 km2 ) og Utladalen landskapsvernområde (334 km2) og seks mindre verneområder i Vang og Vestre Slidre.

SNO Vang i Valdres løyser deler av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå to fjellstyrer( Lom og Vågå), en kommune (Luster), en privatperson (Vang) og en stiftelse (Årdal). Disse utførar hovudsakleg naturoppsyn og tiltak i verneområda.

Adresse

Besøksadresse: Åsvangvegen 16A, 2975 Vang i Valdres (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.