Ansatte ved lokalkontoret

Rein-Arne Golf er regionalt rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Kristoffer Ullern Hansen har tilsyn med Nærøyfjorden landskapsvernområde og nærliggande verneområde.

Oppsynsområde

Landskapsvernområdet i Nærøyfjorden er eit av dei beste døme me har på fjord i Noreg. Ein finn her eit ubrote naturlandskap som strekker seg frå fjorden og opp til høgfjellet på over 1700 moh.

Fjorden er einskilde plassar djupar enn 1000 meter, slik at her kan ein finna fjellformasjonar som er nær 3000 meter med enno aktive geologiske prosessar.

Området i Indre Sogn har også gode døme på samspel mellom naturlandskap og meir eller mindre kulturpåverka landskap. I høgfjellet finn ein rester etter veidemannskultur med ulike fangsanlegg.

I dei stupbratte fjellsidene er det restar etter gamle slåtteteigar med utløer, lauvingsmarker og beitemark. Flatar fjellhyllene noko ut, er det enno gardsbruk som vert drivne og halde i hevd for komande slekter.

Oppe på fjellet lever villreinen, i dalane og fjellsidene finn ein rike stammar av hjort og elg. Eit variert fugleliv finn ein både i fjorden og på fjellet. Fisk sprett både i fjord, foss og rolege fjellvatn.

Vatnet ligg som bre eller snøfonner i høgfjellet, før det kastar seg ned over i fjellsidene i større eller mindre fossar. All denne storslåtte naturen vert årleg vitja av meir enn 700.000 tusen personar.

Arbeidsoppgåver

Statens naturoppsyn (SNO) Aurland har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i kystnære verneområde. Verneområda omfattar eit samla areal på 1140 kvadratkilometer fordelt på fem naturreservat, fire landskapsvernområde og to naturminne.

Viktige arbeidsoppgåver ellers er lakseoppsyn og skilting i verneområda.

Adresse

Besøksadresse: Onstadvegen 25, Fjordsenteret, 5745 Aurland (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.