Ansatte ved lokalkontoret

Stig Inge Hauge har ansvar for kystoppsyn i Sogn og Fjordane.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Florø utførar maritimt oppsyn i Sogn og Fjordane frå Sunnmøre i nord til Hordaland grense i syd, med hovudvekt på lakseoppsyn/sjøoppsyn på kyst og i fjordar. I tillegg kontroller opp mot innlandsfiske samt verneområde.

Arbeidsoppgåver

SNO Florø har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i friluftslova, naturmamgfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og deler av forureiningslova.

Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Florø har ei særleg oppgåve med oppsyn i verneområde. Verneområda utgjer eit samla areal på 182 kvadratkilometer fordelt på 89 naturreservat, to landskapsvernområde, to fuglefredingsområde samt fire naturminne. For å drive oppsyn i dei mange marine verneområda nyttar kontoret mellom anna oppsynsbåten Lomvi.

Arbeidet inneberer oppsyn med vernereglene, tilsyn med skilt og informasjonstavler i verneområdar samt oppfølging av forvaltnings- og skjøtselsplanar som gjør at brukarane veit kva dei har å halde seg til.

Adresse

Besøksadresse: Langeneset 63, 6944 Stavang (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.