Ansatte ved lokalkontoret

Liv Byrkjeland har ansvar for tilsyn med Breheimen nasjonalpark og nærliggande verneområde i Luster kommune.

Anne Rudsengen har ansvar for tilsyn med Jostedalsbreen nasjonalpark og mindre verneområde i Indre Sogn.

Oppsynsområde

Breheimen nasjonalpark og Jostedalsbreen nasjonalpark, samt andre verneområde i fylke.

 

Arbeidsoppgåver

Statens naturoppsyn (SNO) Luster har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid. 

Adresse

Besøksadresse: Luster rådhus, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.