Ansatte ved lokalkontoret

Rune Holen har tilsyn med Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen landskapsvernområde og nærliggande verneområde.

Oppsynsområde

Statens naturoppsyn (SNO) Sandane har ansvaret for naturoppsyn i Sogn og Fjordane, hovudsakleg midtre delar av Sunnfjord og Nordfjord, knytt til Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen landskapsvernområde.

I tillegg har SNO Sandane oppsyn med naturreservat, fuglefredingsområde og naturminne i området.   

Arbeidsoppgåver

SNO Sandane har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet.

Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av friluftslova, naturmangfoldlova, motorferdselslova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfisklova og delar av forureiningslova.

Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Adresse

Besøksadresse: Sandane næringspark, Krånavegen 5, 6823 Sandane (vitjing etter avtale).

Postadresse: Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.