Mål: Skaffe ferskvassøkologiske overvåkingsdata og etablere lange tidsseriar for ferskvassøkologi i utvalgte vassdrag.

Noe av stasjonane i dette programmet blei tatt inn i elveovervåkingsprogrammet (Vikedal) og noen stasjonar i Ref.elv programmet (Atna) i 2017.

Programperiode: Overvåkinga i Atnavassdraget har pågått frå 1985 og i Vikedalsvassdraget frå 1995.

Hvor overvåker vi? Det er overvåkingsstasjonar både i rennande vatn og innsjø i dei to vassdraga.

Slik overvåker vi: I innsjøane, ein innsjø pr. vassdrag, er det overvåking av vasskjemi, planteplankton, dyreplankton og fisk. På elvestasjonar blir det tatt vassprøver for vasskjemisk analyse, påvekstalger, botndyr (sparkeprøver) og fisk.

Publikasjoner: Det blir publisert årsrapportar med enkel framstilling av dataseriar.

Dette bruker vi dataene til: Hovedformålet er å etablere lange måleseriar og vil venteleg bli nyttig i samband med framtidig overvåking av klimaendringar. Deltakande forksningsinstitusjonar har brukt data frå programmet i fleire forskningsprogram/prosjekt.