Mål: Følgje med på langtransporterte miljøgifter som kjelde til forureining i Noreg, og bruke denne informasjonen i internasjonale forhandlingar for å regulere nye miljøgifter og for å for å vurdere om tiltak som er gjort for å regulere utslippene av disse miljøgiftene virker.

Programperiode: 1990-

Hvor overvåker vi? På tre stasjoner; Birkenes, Andøya og Zeppelinfjellet på Svalbard

Slik overvåker vi: Gjennom programmet overvakas  eit utval organiske miljøgifter og tungmetall i luft. Noen av miljøgiftene måles også i nedbør.

Prøvetaking, analyser og rapportering skjer kvart år, og for de fleste miljøgiftene tas det ukentlige prøver på Svalbard.

Publikasjoner: Rapporter fra overvåkning av langtransporterte miljøgifter i luft og nedbør

Dette bruker vi dataene til: Resultata frå dette programmet blir bruk i mange samanhengar, mellom anna for å sjå om miljømåla blir nådd og i arbeidet med internasjonale avtaler.

Eksempler på avtaler er Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen, Langtransportkonvensjonen, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP), OSPAR-konvensjonen, Samarbeidsprogrammet for overvåking og evaluering av langtransporter luftforurensning i Europa (EMEP) og kjemikalieregelverket REACH i EU.

Eit viktig grunnlag for stiftinga av Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP) og internasjonaleavtaler som Stockholm- og Minamatakonvensjonen, var nettopp dokumentasjon på at miljøgifter transporterast over store geografiske avstander, til Arktis via luftstraumar.

Zeppelinobservatoriet ligg langt frå industrialiserte områder og er lite påverka av utslepp som skuldast menneskeleg aktivitet. Dette gjer det til eit unikt referansepunkt på global skala.

Hvor finnes data? Rådata lagres i den internasjonale databasen EBAS

"Det overordna formålet med dette programmet er å skaffe kunnskap om miljøgifter i luft og nedbør transportert til Noreg i atmosfæren.

Overvakinga skal også så langt som mogleg seie noko om geografiske skilnader i miljøgiftnivåa, samt halde i hevd rapportering til internasjonale konvensjonar, program og nettverk.

Etter evalueringa av Miljødirektoratets klima- og forureiningsovervaking i 2011-2012 har det blitt særleg fokus på å skaffe data som kan nyttast i reguleringa av nye miljøgifter.

Programmet har følgjande mål:

  • Gi kunnskap om det atmosfæriske bidraget av miljøgifter til det norske miljøet
  • Gi kunnskap om miljøgifter sine langtransporterande eigenskaper
  • Gi data som kan nyttast i regulering av nye miljøgifter
  • Gi kunnskap om endringar i nivå av miljøgifter over tid og rom, der det er relevant
  • I den grad det er mogleg, seie noko om potensiell effekt av klimaendringar på atmosfærisk transport av miljøgifter til Noreg, samt kjeldeområder for miljøgiftene

Stasjonskart