For eit reint og rikt miljø

FNs 17 berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar, stoppe klimaendringane og verne miljøet innan 2030.

Fleire av berekraftsmåla handlar om ansvarsområda våre. Dei er "den høge himmelen" for alt vi gjer. Det same er Noregs internasjonale miljøforpliktingar og nasjonale miljømål.

Vi står overfor store utfordringar framover: Noreg skal omstillast til å bli eit lågutsleppsamfunn. Vi skal tilpasse oss klimaendringane, ta vare på økosystema og hindre tap av naturmangfald. Vi skal utvikle ein sirkulær økonomi som ikkje spreier miljøgifter og tar vare på ressursane.

Miljøutfordringane er grenseoverskridande, komplekse og samansette. Dei krev innsats internasjonalt, nasjonalt, regionalt, lokalt og på tvers av sektorar. Miljødirektoratet jobbar med dette kvar dag og på mange arenaer gjennom den omfattande oppgåveporteføljen vår. 

Miljøpolitikken blir bestemd av Stortinget og Regjeringa. Som direktorat er vi tenaren og rådgivaren til demokratiet. Ein strategi for oss kan derfor ikkje handle om mål og verkemiddel, men omtale korleis vi vil utvikle oss for å levere best mogleg på samfunnsoppdraget vårt.

Strategien er først og fremst eit internt dokument. Han handlar ikkje om alt vi driv med, men peiker ut fem innsatsområde der vi særleg skal forsterke innsatsen, slik at vi lykkast best mogleg med vår aller viktigaste oppgåve, som er å bidra til at miljømåla blir nådde!

Oppgåvene våre er utprega tverrfaglege, og det er heilt vesentleg at vi har eit godt samspel på tvers i organisasjonen. Det ligg i rolla vår og regelverket vi forvaltar at vi skal jobbe målretta for å betre miljøtilstanden, men også gjere krevjande avveiningar mellom til dels motstridande omsyn.

Miljøutfordringane går på tvers av alle samfunnsområde. Vi forvaltar kunnskap og verkemiddel og gir råd på område som rører ansvaret til andre sektorstyresmakter. Vi er heilt avhengige av eit tett samspel med andre etatar for å lykkast.

Det er aukande merksemd om klima- og miljøutfordringane i samfunnet. Vi har viktig kunnskap som vi skal formidle til ulike målgrupper.

Vi skal spele andre gode, slik at klima- og miljøomsyn blir integrerte i avgjerder i andre sektorar, i næringslivet og i befolkninga. Vi ønsker å vere ein relevant fagleg premissleverandør for miljøløysingane i framtida.

Kompetansen og erfaringa til alle tilsette er grunnlaget for alt vi produserer. Saman skal vi sikte mot visjonen vår, som er eit reint og rikt miljø. Saman skal vi etterleve verdiane våre, slik at alt vi produserer blir kjenneteikna av å vere kunnskapsbasert, framtidsretta og tydeleg.

Ellen Hambro, miljødirektør

Utviklingsområde