Konferanse | 28.02.2022 – 28.02.2022
FNs klimapanels andre delrapport - lansering
FNs klimapanel (IPCC) presenterte ny kunnskap om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Pressekonferansen var på norsk.
Meir enn 700 ekspertar frå 90 land - 19 frå Noreg – deltar i arbeidet med sjette hovudrapport frå FNs klimapanel (IPCC), som består av tre delrapportar og ein synteserapport.
28. februar presenterte Klimapanelet andre delrapport om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Norske forskarar som har bidratt i rapporten, fortalde om innhaldet på pressekonferansen.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide mottok rapporten og spørsmål frå presse kunne stillast til statsråden og dei norske forskarane.
Opptak av lansering 28. februar
Dagsorden (13.30 - 15.00)
- Velkomen
Direktør Ellen Hambro, Miljødirektoratet - Konsekvensar for økosystem (hav og land)
Forskar Mette Skern-Mauritzen, Havforskningsinstituttet - Klimarisiko og konsekvensar for menneske
Forskar Halvard Buhaug, Institutt for fredsforskning (Prio) - Klimarobust utvikling
Forskar Siri Eriksen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU) - Klimatilpassing og rettferd
Forskar Tor Arve Benjaminsen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU) - Spørsmål og svar til forskarane frå presse
Alle forfattarane - Overlevering av rapporten og spørsmål frå presse
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide
Nyheitsmelding og rapporten forenkla på norsk
Om sjette hovudrapport frå FNs klimapanel
- FNs klimapanel (IPCC) utgjev hovudrapportar kvart 6-7 år, som består av fire delar.
- Den sjette hovudrapporten inneheld den mest oppdaterte kunnskapen om vitskapelege, teknologiske og sosioøkonomiske aspekt ved klimaendringar, verknadar og framtidig risiko, samt tiltak, løysingar og verkemiddel for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar.
- Bruker fleire typar utslepps- og utviklingsscenarioar til å undersøkje kor mykje menneske bidreg til framtidige klimaendringar.
- Scenarioar for framtidige sosiale og miljømessige forhold vert òg brukt til å studere korleis klimaendringar kan påverke ulike framtider.
- Delrapport 1 om fysiske klimaendringar og det naturvitskapelege grunnlaget blei publisert 9. august 2021