Konferanse | 24.11.2022 – 02.12.2022

Klimasamling for kommunene i Vestland

Alle kommunane i Vestland er invitert til samling i november/desember 2022 for å styrke arbeidet med utsleppskutt.

Sted: To ulike steder - se adresse under
Tid: Start 10.30 på dag 1, slutt ca. 12.00 på dag 2
Pris: Gratis opphold og deltakelse for kommunene
Arrangør: Miljødirektoratet, statsforvalteren og fylkeskommunen i Vestland, i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Cicero senter for klimaforskning og KS.

Samlinga blir arrangert av Miljødirektoratet, Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune, i samarbeid Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Cicero senter for klimaforskning og KS.

Samlingar i Bergen og Førde

For å gjere det enkelt å delta, blir det samling både i Bergen og i Førde. Kommunen vel sjølv kvar den vil delta, og kan berre delta på ei av samlingane:

  • Førde, 24. og 25. november 2022
  • Bergen, 1. og 2. desember 2022

Formålet er å gje tilsette frå ulike fagområde auka, praktisk kompetanse, og knytte kontakt med kollegaer i andre kommunar med tanke på framtidig samarbeid og deling på kompetanse og ressursar.

Kven bør delta?

Vi oppmodar kommunane til å delta med både leiarar og medarbeidarar. Det er mange i kommunen som er viktige for framdrift i klimaarbeidet, og brei deltaking kan auke sjansane for et løft i klimaarbeidet etter samlinga.

Leiar og fagansvarlege for klima, miljø og berekraft, innkjøp, næringsutvikling, planlegging (bustad- areal- og transportplanlegging), landbruk, bygg- og eigedomsforvaltning er alle viktige i dette arbeidet – og kanskje også andre.

Opphald blir dekka av arrangørane

Vi dekker opphald (samling, mat og overnatting) for begge dagane, mens kommunane må dekke reise sjølv. Vi tek sikte på å dekke opphald for inntil fire personar frå kvar kommune på samlinga.

Program og påmelding

Programmet er under arbeid, og vert fortløpande oppdatert på (lenke til nettside her). Her melder du deg også på samlinga. Alle kommunane i Vestland har en klimakontakt, og vi ber om at klimakontakten samkøyrer kommunen si deltaking, og er kontaktpunkt ovanfor arrangørane.

Påmeldingsfrist: 1. november 2022

Påmeldingsfrist er 1. november. Deltakarar som avbestiller etter 5. november må betale eit avbestillingsgebyr på 1500 kroner for å dekke utgiftene til hotellet som vi ikkje får refundert.

Kontakt

Spørsmål kan rettast til Gunnhild Faugstad (fmhogfa@statsforvalteren.no, 55572002). Husk også at klimakontakten i kommunen din koordinerer kommunen si deltaking.

Program – vert oppdatert fortløpande

Det meste av innhaldet er felles for begge samlingane, mens enkelte innlegg med eksempel  på lokalt klimaarbeid kan være spesifikke for hhv. Bergen eller Førde.

  • Dato, Førde: 24. og 25. november 2022
  • Dato, Bergen: 1. og 2. desember 2022

Dag 1

10:30:   Registrering

11.30:   Lunsj

12.30:   Opning ved fylkesordførar/statsforvaltar

12:40:   Heilskapleg kommunalt klimaarbeid - kva legg vi i det? Eksempel frå kommune i Vestland.

13:00:   Kva krav og forventningar har staten til kommunane sitt klimaarbeid, og kva kan staten gjere for kommunane? Ved seksjonsleiar Herdis Laupsa i Miljødirektoratet.

13:30:   Status for klimaarbeidet i Vestland. Ved Synnøve Stalheim, Vestland fylkeskommune.

14.00:   Pause 

14:30 – 16.00: 

  • Klima inn i kommunal arealplanlegging – frå mål og visjonar til praktisk planlegging. Eksempel frå kommune i Vestland.
  • Grøne anskaffingar som strategisk verktøy. Ved Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).
  • Korleis skal vi eigentleg få folk med på omstilling til et grønare samfunn? Korleis kan vi skape engasjement rundt klimaarbeidet og tiltaka i kommunane våre? Ved Astrid Arnslett, Cicero senter for klimaforskning.

16.00:   Pause 

16.15:

  • Kvar ligg gevinstane i eit aktivt klimaarbeid? Og korleis institusjonalisere klimaarbeidet i verksemda og utnytte lokale fortrinn enno betre? Ved Kjetil Bjørklund, fagleiar klima i KS.
  • Klimaarbeidet som motor i utvikling av framtidsretta arbeidsplassar i Vestland. Ved Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland.
  • Klimaarbeidet som drivar for å bygge meir attraktive kommunar. Eksempel frå kommune i Vestland.

17.00:   Panelsamtale: Korleis styrke klimaarbeidet i kommunane i Vestland?

  • Ordførar/kommunedirektør (TBC)
  • Klima/miljørådgjevar (TBC)
  • Kjell Kvingedal, miljødirektør hos Statsforvaltaren i Vestland
  • Ungdomsrepresentant (TBC)
  • Helene Frihammer, regiondirektør NHO Nordland
  • Kjetil Bjørklund, fagleder klima i KS

18.00:   Ut på tur: Byvandring om lokalt klimaarbeid i Førde/Bergen.

19:30:   Middag

Dag 2 

08.30:   Indirekte utslepp – kva kan og bør kommunane gjere? Eksempel på arbeid frå ein kommune, etterfølgt av diskusjon og spørsmål.

09:30:   Diskusjon i grupper: Ver med og diskutere utfordringar og moglegheiter innan tre tema som du er oppteken av. Vi bruker "verdskafé-modellen" med ein fast gruppevert som legg til rette for samtalen ved bordet. Alle får 20 minutt ved kvart bord, og høve til å besøke tre bord/temaer i løpet av økta.

10:45:   Bli kjent med kollegaer i andre kommunar. Vi kartlegg på førehand kva problemstillingar og oppgåver innan klimafeltet som deltakarane skal jobbe mest med i året som kjem. På denne delen av samlinga sett vi opp bord for dei ulike tema som deltakarane melder inn. Sett deg ved det bordet du meiner er mest relevant for deg, og snakk med andre som skal jobbe/jobbar med det same. Vi håper dette kan gje deg eit større nettverk og fleire å sparre med i det videre arbeidet.

11:30:   Avslutningsinnlegg.

11:45    Lunsj og heimreise