Nedgang i Noregs utslepp av klimagassar i 2020

Norske klimagassutslepp sank med 3,5 prosent i pandemiåret 2020 samanlikna med 2019, viser endelege tal frå SSB.

Publisert 03.11.2021

Nedgangen i klimagassutsleppa skuldast mellom anna driftsstans i olje- og gassutvinning og nedgang i bil- og flytrafikken.

Utsleppa i 2020 var på 49,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Det samla utsleppet i 2020 er tilnærma likt det førebelse talet publisert i juni. Hovudutsleppskjeldene viser framleis ein nedgang frå 2019 med dei oppdaterte tala.