Jakte villrein på Hardangervidda? Dette bør du vite

15. august startar villreinjakta i Hardangervidda villreinområde sør for riksveg 7. Fleire tiltak er sett i verk for å sikre ei god jakt i 2022.

Publisert 08.08.2022

Miljødirektoratet og lokal villreinforvaltning har blant anna innført tilskot til utflyging av slakt, utvida jakttid og tilgang til GPS-posisjonar. Målet er å kjempe mot, og om mogleg utrydde, klassisk skrantesjuke. Jakta er eit viktig bidrag for å redusere talet på dyr som kan bli smitta.

Her finn du informasjon om alle tiltaka som gjeld deg som jeger:

Jegerar som flyg ut villrein, elg eller hjort med helikopter eller sjøfly frå Hardangervidda villreinområde 15. august til 23. desember kan søkje om å få refundert ein del av kostnaden. Les meir her:

Ta skrantesjukeprøver av lymfeknutar og hjerne

Alle jegerar skal ta skrantesjukeprøver av alle felte villrein som er eldre enn kalv. Prøvene blir sende til Veterinærinstituttet, og det felte dyret må registrerast i Hjorteviltregisteret eller Sett og skoten.

Sjå korleis du tek prøver her: