Klimatilpassing på dagsorden i kommunane

Kommunane har ei viktig rolle i arbeidet med klimatilpassing. Smart planlegging og gode tiltak reduserer konsekvensane av klimaendringane.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 17.08.2022

Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebu og tilpasse seg klimaendringane. Du som tilsett i kommunen har ei viktig rolle i arbeidet.

Miljødirektoratet har ulike verktøy som kan hjelpe kommunane i å tilpasse seg eit klima i endring.

Klimatilpassing er viktigare enn nokon gong

Klimatilpassing handlar mellom anna om å førebygge og redusere dei negative verknadane av klimaendringane. Verda over vert det gjennomført ulike tiltak for å tilpasse seg klimaendringar og ekstremvêr, men tilpassinga må skje mykje raskare i åra framover, seier FNs klimapanel (IPCC) i deira andre del av sjette hovudrapport.

Planleggarar og avgjerdstakarar på Klimatilpasning.no

Klimatilpasning.no skal bidra til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Dei ulike direktorata bidreg med innhald på nettsida innanfor ansvarsområda sine. Her finn de mellom anna rettleiing til dei statlege planretningslinjene for klimatilpassing og tilskotsordninga for klimatilpassing.

Rettleiing på Klimatilpasning.no

Utvalde rettleiarar som kan vere til hjelp for kommunar.

Klimatilpassingsprosjekt som har fått tilskot

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om tilskot til kunnskapsoppbygging og utgreiingar om konkrete klimatilpassingstiltak. 

Webinarar og podkastar om klimatilpassing

Skaun kommune fortel om korleis dei har kartlagt både klimatilpassing og utslippsreduserande tiltak i to utandørs aktivitets- og friluftsparkar. Kommunen har sett på tiltak for å redusere skadeomfanget av klimaendringane, og korleis dei kan utnytte moglegheitene disse endringane kan gi.

Barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå

Ei ny rapport, utarbeida av Cicero på oppdrag frå Miljødirektoratet, samanstiller kunnskap om barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå i Noreg.

Rapporten seier at dei viktigaste barrierane er manglande politisk vilje knytt til klimatilpassing i kommunane, utilstrekkelege økonomiske og personalmessige ressursar, samt utfordringar ved å oversetje kunnskap mellom statleg og lokalt nivå.

Kjem snart: Klimarisiko og verdikjeder

Nibio, Vista Analyse og Ruralis, har på oppdrag frå Miljødirektoratet laga en rapport om klimaendringar og verdikjeder, med utgangspunkt i korleis klimaendringar kan påverke det norske matsystemet.

Arrangementet vil bli strauma.

Seminar og lansering av rapporten 25. august kl. 08.30–10.00

Lokalt klimaarbeid på Facebook: sosialt nettverk for tilsette i kommunen

Bli med i Facebook-gruppa for alle som jobbar med å redusere klimagassutslepp og klimatilpassing. Her deler vi nyttig kunnskap, særleg for deg som jobbar i kommunen og regional forvalting.