Kommunar kan få pengar til klimatiltak

Klimasats: Det er framleis mogleg å få støtte til å kutte utslepp av klimagassar. Slik kan du som tilsett i kommunen kome i gang!

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 18.08.2022

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Er du som kommunetilsett usikker på korleis du kjem i gang med å skrive søknad? Bli inspirert av tidlegare podkastar, webinarar og Klimasats-prosjekt!

Ny søknadsfrist for Klimasats er 15. september

For nokon typar klimatiltak er det ein ny søknadsfrist 15. september. Då kan kommunar søkje om støtte til kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg og til meirkostnadar for mellom anna bygg, maskiner og andre klimavennlege anskaffingar.

Klimasats-prosjekt om retningslinjer og rettleiing for klimaomsyn i planlegging

Korleis kan kommunen heilt konkret ta omsyn til klima i planlegginga? Viken fylkeskommune har saman med fleire kommunar laga ein rettleiar for dette. 

Webinar om gjenbruk av bygg, byggjemateriale og inventar

Kva kan kommunane gjere for å få til mest mogleg gjenbruk av bygg, materiale og inventar i byggjeprosjekt? Få gode tips frå Statsbygg og Oslo kommune.

Klimapodcast: Slik vart Arendal ein klimakommune

Førebu deg til Arendalsuka! I meir enn ti år har Arendal kommune jobba systematisk for å redusere utslepp av klimagassar. Høyr klimarådgivar Ragnhild Hammer fortelje korleis.

Lokalt klimaarbeid på Facebook: sosialt nettverk for tilsette i kommunen

Bli med i Facebook-gruppa for alle som jobbar med å redusere klimagassutslepp og klimatilpassing. Her deler vi nyttig kunnskap, særleg for deg som jobbar i kommune og regional forvalting.