Screening 2021: Nye funn av miljøgifter

Kvart år leitar vi etter nye miljøgifter ute eller inne. No er resultata frå screeninga for 2021 klar.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 20.12.2022

Miljødirektoratet gjennomfører årleg eit omfattande overvakingsprogram for å påvise nye, uregulerte kjemiske stoff som kan vere skadeleg for helse eller miljø. I 2021 undersøkte vi 218 ulike kjemiske stoff i 170 ulike prøver.

Prøvematerialet omfatta luft og støvprøver, prøver frå veiavrenning og tunnelvask, prøver frå avløpsanlegg, og biologiske prøver frå Oslofjorden og Arktis. Undersøkinga i 2021 vart gjennomført av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Norsk institutt for luftforsking (NILU).

Stoff som ikkje blir produsert i Noreg

Fleire stoff som vi mistenkjer kan vere persistente, bioakkumulerande og giftige (PBT-stoff) vart påviste i avløpsanlegg. Dette sjølv om desse stoffa ikkje blir produserte i Noreg. Det viser at mange av kjemikaliane vi omgir oss med kjem til landet i produkt og varer.

Plastmjuknarar frå bildekk

Det vart påvist ei rekkje kjemiske stoff som blir brukte i bildekk i avrenning frå bilvegar. Stoffa blir brukte for å gi dekket dei riktige fysiske eigenskapane som veggrep, stabilitet og haldbarhet. Ved slitasje blir også dei kjemiske stoffa som er i bildekk frigitt. Særleg blir ulike ftalat funne i høge konsentrasjonar. Dette er stoff som blir tilsette som mykgjørere.

Vi finn mange ulike stoff inne

I prøver frå innemiljø vart det påvist mange stoff som stammar frå produkt vi omgir oss med i det daglege.Dette gjeld stoff frå pleieprodukt og kosmetikk, stoffar som blir brukte i elektronikk som til dømes datamaskiner og hvitvarer. Vi har førebels avgrensa kunnskap om kor skadeleg stoffa er. Funna i screeninga er første steg i jakta på nye helse- og miljøskadelege stoff. Neste steg blir å få klargjort det faktiske skadepotensialet til stoffa vi finn. 

Vi finn PFASer mange stader i miljøet

I fjor som tidlegare år finn vi fluorerte samband PFASer mange stader i miljøet, blant anna i Arktis. Det viser at PFASer kan påvisast i store avstandar frå der dei blir brukte. Dette er stoff som i praksis ikkje blir brote ned i miljøet.

Dei seinare åra har Miljødirektoratet hatt ei særleg merksemd på PFASer. Det går føre seg eit arbeid med å få desse stoffa strengare regulert. Funn frå screeninga kan bidra til å underbyggje kor viktig det er å regulere desse stoffa.