Brøyte skøytebane på islagt vatn?

Skal du bruke motorkøyretøy som traktor eller ATV for å brøyte skøytebane på islagde vatn, krev det løyve etter motorferdselslova.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 19.01.2022

Vinteren er i gang for fullt, og du har kanskje lyst til å brøyte ein skøytebane på eit islagt vatn der du bor. Skal du bruke motorkøyretøy? Hugs at reglane for islagde innsjøar og elver er dei same som elles i utmark.

For å køyre på islagde vassdrag med motorkøyretøy som traktor eller ATV, må du ha løyve etter forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag. Det er kommunen som har myndigheit til å gi løyve. Ta kontakt med administrasjonen i kommunen din for meir informasjon.

Eit alternativ til å bruke motorkøyretøy er å fjerne snø med ein enkel snøfresar – da treng du ikkje å søke løyve etter motorferdselslova.

Om vatnet ligg i eit verneområde, må du også søke om unntak frå verneforskrifta i det aktuelle området. Statsforvaltaren i Oslo og Viken har nokon gode tips til korleis du går fram:

Hugs å sjekke om isen er tjukk nok før du brøytar skøytebane. Sjå korleis du gjer det på varsom.no:

Les meir om reglane for motorferdsel i utmark her: