Nye krav til kjeldesortering og materialgjenvinning

Hushald og næringsliv må sortera ut langt meir bioavfall, plastavfall og emballasje enn i dag for å bidra til auka materialgjenvinning.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 24.06.2022

Dette følgjer av nylege endringar i avfallsforskrifta.

For å sikra at ressursane i avfallet vårt blir utnytta, materialgjenvunne og brukt som råvare i nye produkt som del av ein sirkulær økonomi, er det viktig at ulike typar avfall blir sortert ut for materialgjenvinning.

Det er derfor vedteke eit nytt kapittel i avfallsforskrifta, kapittel 10A, som skal bidra til dette.

Frå 1. januar 2023 skal mat- og plastavfall frå alle hushald sorterast ut. I tillegg skal park- og hageavfall frå hushald utsorterast. Krava gjeld også for verksemder som lagar hushaldsliknande avfall og for verksemder som bruker landbruksplast.

Kommuner og verksemder må levera avfallet til materialgjenvinning når det er utsortert.

I tillegg til innføringa av nye krav for utsortering av bio- og plastavfall blir regelverket skjerpa for emballasje og emballasjeavfall, inkludert plastemballasje, i avfallsforskrifta kapittel 6 og 7. Dei endra reglane om drikkevareemballasje og emballasje vart kunngjord 10. juni 2022 og tredde i kraft med ein gong.

Det er innført eit nytt kapittel 10a om utsortering og materialattvinning av enkelte avfallstypar, der desse krava finst.

Det er avfallsforskrifta kapittel 6 om retursystem for drikkevareemballasje og kapittel 7 om emballasje og emballasjeavfall, som no er endra.

Bakgrunn for endringane

Endringane i regelverket er nødvendige for å utnytta tilgjengelege ressursar betre, redusera utslepp av klimagassar og annan negativ påverknad på biologisk mangfald og miljø, og for å bidra til verdiskaping. Dei er samtidig viktige for at Noreg skal overhalda EUs emballasjedirektiv­ og EUs bindande mål for materialgjenvinning i rammedirektivet om avfall.

Regelverka frå EU er ambisiøse, og materialgjenvinninga av avfall i Noreg må aukast betydeleg for at vi skal nå måla. Det er derfor nødvendig med ytterlegare verkemiddel for auka materialgjenvinning i åra framover.