Slik blir villreinjakta på Hardangervidda

Tilskot til utflyging av slakt, utvida jakttid og tilgang til GPS-posisjonar er blant tiltaka som skal sikre ei god villreinjakt på Hardangervidda.

Publisert 24.06.2022

Miljødirektoratet og lokal villreinforvaltning innfører ei rekkje tiltak for å leggje til rette for ei god villreinjakt på Hardangervidda i 2022. Målet er å kjempe mot, og om mogleg utrydde, klassisk skrantesjuke. Jakta er eit viktig bidrag for å redusere talet på dyr som kan bli smitta.

Her finn du info om tiltaka som berører deg som jeger:

Jegerar som flyg ut villrein, elg eller hjort med helikopter eller sjøfly frå Hardangervidda villreinområde 15. august til 23. desember kan søkje om å få refundert ein del av kostnaden. Les meir her:

Ta skrantesjukeprøver av lymfeknutar og hjerne

Alle jegerar skal ta skrantesjukeprøver av alle felte villrein som er eldre enn kalv. Prøvene blir sende til Veterinærinstituttet, og det felte dyret må registrerast i Hjorteviltregisteret eller Sett og skoten.

Sjå korleis du tek prøver her: