Fann ikkje ulovlege stoff i bil- og båtpleieprodukt

Miljødirektoratet kontrollerte 13 kjemiske produkt for perfluoroktansyre (PFOA), utan at vi fann lovbrot.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 25.05.2022

13 kjemiske produkt til bil og båt vart kontrollert, til dømes polish, lakk og smørjemiddel. Ingen av dei 13 kjemiske produkta var i brot med PFOA-reguleringa.

PFOA er eit perfluorert stoff som er svært lite nedbrytbart, og som hopar seg opp i menneske og miljø over heile verda. PFOA er derfor strengt regulert.

Fire av produkta reklamerte med innhald av polytetrafluoretylen (PTFE). Dei 9 produkta utan PTFE vart testa men viste ikkje innhald av fluor.

Dei fire produkta med PTFE vart analyserte for innhald av PFOA og PFOA-beslektede forbindingar. Desse produkta viste innhald av PFOA og/eller PFOA-beslektede forbindingar, men under dei tillatne grenseverdiane.