Manglar ved fleire tankanlegg på Svalbard

Fleire tankanlegg på Svalbard med bensin, diesel og drivstoff til fly er ikkje sikra godt nok mot akutt forureining.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 11.11.2022

Det viser tilsyn Miljødirektoratet har gjort av seks verksemder med tankar med petroleumsprodukt på 10 m3 eller større i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Tre av anlegga hadde alvorlege manglar. Nokon av tankane mangla fysiske barrierar som skal sikre at ein lekkasje ikkje skader det sårbare miljøet på Svalbard. Det vart også konstatert at etablerte barrierar ikkje har vorte tilstrekkeleg kontrollert og halde ved like slik at det er sikkert at dei vil hindre akutt forureining.

Dette vart kontrollert

Vi kontrollerte om verksemdene hadde vurdert miljørisikoen, ved alle sider av tanklagringa, som kan medføre fare for forureining. I tillegg kontrollerte vi om tankanlegga hadde gode nok rutinar for å hindre akutt forureining, om verksemdene hadde god nok internkontroll, og om dei hadde planar og gjennomførte nødvendig vedlikehald av tankane.

Vi ser alvorleg på brota

Miljødirektoratet ser alvorleg på at halvparten av verksemdene vi kontrollerte ikkje har sikra seg godt nok mot akutt forureining.

Miljøet på Svalbard er sårbart og det er derfor ekstra viktig å unngå utslepp av miljøskadelege stoff. Miljødirektoratet vil derfor følgje opp anlegga tett framover.